– Eg hadde eit håp om at Sveio kommune ivaretok alle, at dei heier på engasjement, skaparevne og bulyst i heile kommunen, skriv innsendaren. Motivet er frå sommarfesten i Valevåg i august 2017.
– Eg hadde eit håp om at Sveio kommune ivaretok alle, at dei heier på engasjement, skaparevne og bulyst i heile kommunen, skriv innsendaren. Motivet er frå sommarfesten i Valevåg i august 2017. FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Om distriktsprofilen til Sveio Ap

I Vestavind 7. januar kjem leiaren i Sveio Ap med sin strategi for korleis ein kan utvikle Sveio som distriktskommune. Denne strategien treng både fleire svar og fleire kommentarar. Asle G. Halleraker skriv m.a.

Sveio Ap ser på heile Sveio som ein distriktskommune, og då meiner me det er viktig å styrke aksen Førde og Sveio sentrum først, for å kunne byggje innanfrå og ut. Det trur me vil gjere Sveio mest robust på sikt som den distriktskommunen me er.

Sveio Ap er det leiande styringspartiet i kommunen, og derfor blir det viktig å vite kva dei eigentleg legg i denne strategien, og er denne strategien nedfelt i noko vedtak i partiet?

Kva med alle bygdene og områda som tilfeldigvis ligg utanfor denne «aksen» som Halleraker nemner, kva rolle får dei? Skal dei tappast for ressursar for å få midlar til å byggje opp denne «aksen»?  Og kva tid, eller ambisjonsnivå, har ein for denne «aksen» før ein kan tenke på å bygge ut utanfor «aksen» som Halleraker nemner.

Eg hadde eit håp om at Sveio kommune ivaretok alle, at dei heier på engasjement, skaparevne og bulyst i heile kommunen. At dei hegnar om lokalmiljøet og hjelper til med å forvalte og skape arbeidsplassar også utanfor den såkalla «aksen».

Alle snakkar om det «grøne skiftet» i dag, også Ap. Då blir det viktig med skaparevne og engasjement der ressursane er. Så i staden for å påføre dei utanfor «aksen» stadige kampar for skule og aktivitetar i nærmiljøet, må me i mykje større grad heie på dei som ønskjer å etablere seg også utanfor «aksen», og som vil vere med og byggje opp desse viktige lokalmiljøa.

Eit lite døme frå den nordlegaste delen av kommunen: Ca 40% av elevane der er born av foreldre som har flytta dit utan tilknyting til bygda. Trur Halleraker at desse hadde flytta dit utan skule og eit godt oppvekstmiljø ?

Leif Grutle
Straumøy