Del av Sveio skule.
Del av Sveio skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Sveio Høgre og skulestruktur

Så var tida her igjen for ny runde av skulestrukturdebatt. Sveio Høgre gjekk i 2019 til val med slagordet «Levande bygder og eit attraktivt sentrum».

Me lista mange tiltak for å oppnå både «Levande bygder» og eit «attraktivt sentrum», og skulestruktur har størst påverknad på bygdene og innbyggjarane der.

Vidare i programmet vårt seier me: «I vårt ynskje om å få fleire innbyggjarar er det viktig å trekkja fram Sveio sine unike kvalitetar. Sveio Høgre meiner at dei flotte bygdene våre med nærleik til sjø og natur er viktige livskvalitetar mange menneske søkjer etter. Derfor må spesielt bygdene Vikse, Bua, Auklandshamn, Førde og Valestrand stimulerast til auka bustadbygging.»

Vidare konkretiserte me mellom anna at Sveio Høgre vil:

  • Leggja til rette for vidareutvikling i heile kommunen
  • Oppretthalda grendaskulane og dagens skulestruktur
  • Ha sykkel og gangsti til skulane
  • Spela på lag med bygdelag for å bidra til lokalt forankra utvikling

Våre velgjarar skal vera trygge på at me står for vårt ynskje om utvikling i heile kommunen og at dagens skulestruktur er ein del av dette.

Sveio Høgre  – me trur på Sveio.    

Lars Einar Hollund, John Kristian Økland og Mikal Møller Hovda
Representantar i kommunestyret