– Auklandshamn skule er ankeret i bygda vår! Det er her me feirar 17. mai og det er her idrettslaget har sine aktivitetar, i gymsalen eller på skuleplassen i ballbingen eller på fotballbanen.
– Auklandshamn skule er ankeret i bygda vår! Det er her me feirar 17. mai og det er her idrettslaget har sine aktivitetar, i gymsalen eller på skuleplassen i ballbingen eller på fotballbanen. FOTO: Privat

Elevane og bygda treng Auklandshamn skule – la oss få behalda skulen vår!

«Levande bygder» er eit flott uttrykk som passar godt i politiske festtalar – men flotte ord og fine frasar krev oppfølging og handling om det skal ha verdi for bygdene og alle me som bur litt utfor sentrum.

Auklandshamn er ei bygd som lever i beste velgåande, med ein velfungerande skule i funksjonelle og forhaldsvis nye lokaler. Ein skule med eit godt læringsmiljø som er dreven godt både pedagogisk og økonomisk. Dette kjem også fram i rapporten frå Telemarksforsking, der skulen er ein av dei som blir framheva for å ha best fagleg dekning. Elevane trivast på skulen vår og får gjennom den ein fin start på livet i trygge omgjevnadar i lokalmiljøet som dei kjenner godt.

Dei fleste elevane bur så nært at dei kan gå eller sykla til og frå skulen, når nye trafikkskringstiltak er løfta fram og prioritert av kommunen (sykkel og gangsti) kan dette antalet auka enda meir, med dertil betre folkehelse og lågare kostnad for skuleskyss.

Auklandshamn skule er ankeret i bygda vår! Det er her me feirar 17. mai og det er her idrettslaget har sine aktivitetar, i gymsalen eller på skuleplassen i ballbingen eller på fotballbanen. Allmøter og andre tilstellingar både private og offentlege har me i gymsalen. På kveldar og helgar møtes born og foreldre ved grua i bålhuset, for leik og sosialt samvær.

Heldigvis er tilrådning nummer 1 frå Telemarksforskning «Oppretthalde Auklandsham skule som i dag», men fleire av dei andre alternativa foreslår å legga ned skulen vår. Administrasjonen i kommunen har i så tilfelle sagt at eit nedlegging kan løyast med å splitta bygda/elevane på Sveio og Førde skular.

Nedlegging av skulen vil i fyrste omgang få konsekvenser for den einskilde elev ved at dei mister nærskulen sin, muligheten til å gå/sykla blir bytta ut med 1.5 mil i buss på dårlege vegar. Både til Sveio og Førde skular er fylkesvegen om lag like lang og like dårleg. På den smale vegen har bussen kvar vinter problemer med å koma fram med elevane. Tre mil, eller 1-1,5 time, i buss kvar dag utan vaksne tilstades, trur me ikkje det er nokon som unnar våre minste.

I andre omgang vil ungane sjølvsagt gå på fotball og andre aktivitetar i lag med elevane i klassen, er det då behov for idrettslaget vårt? Kva med 17. mai? Kva skjer med skulebygget og skuleplassen? Er Auklandshamn attraktiv for nye tilflyttarar i ein slik situasjon?

Auklandshamn skule ligg i ei høgst levande bygd – skulen er avhengig av bygda og bygda av skulen! Skulen er sjølvsagt til for elevane og elevane hadde heilt sikkert fått den opplæringa dei skal ha om dei hadde blitt flytta til ein annan skule. Det er me ikkje i tvil om, men dei vidare konsekvensane for elevane ved å mista nærskulen sin overskyggar etter vår meining den økonomiske vinninga. Tryggleik er noko av det viktigaste for eit lite barn. Lang venting på ein buss som kanskje ikkje kjem ein vintermorgon, lang busstur utan vaksne som passar på og splitting av gode vener på forskjellige skular, er alle dømer på opplevingar som vil ha negative konsekvensar for våre born. Blir elevane splitta på to skular, vil det forsterka alle desse negative effektane for elevane og vil verka splittande på bygda.

Vidare vil dei negative samfunnsmessige konsekvensane ved at bygda mistar limet som held samfunnet i saman, vera store for eit lite samfunn som Auklandshamn, men og for kommunen som heilhet som mistar eit tilbod til dei som ønsker å flytta til ei lita bygd litt utfor sentrum. Auklandshamn har ledige tomtar på kommunen sitt byggefelt på Stølen, nytt byggefelt ved Austre vågen og på Fagerland så her er forhalda lagt til rette for folketalsvekts til glede for både for bygda og kommunen.

Me veit kva me har men ikkje kva me får, vår klare oppfordring til politikarane i Sveio er som følger: Er det ein sak Sveio bør prioritera, så er det gode skular der folk bur! La oss behalda Auklandshamn skule!

FAU ved Auklandshamn skule
Marryel H. Velde (leiar), Anne Grete Rossehaug (nestleiar), Nancy Bøhn Helgesen, Annike Aga, Sveinung Andersen, Frode Stueland, Åse Marie Økland, Kurt Bårdsen, Dag Selland, Henriette Bjelland, Lisbeth Våbenø og Kenneth Tverfjell