nyhende
Forseinka med gang- og sykkelvegen på Vikse
Etter planen skulle den nye gang- og sykkelvegen på Vikse vera ferdig til nyttår, deretter blei det sagt mars. Den tidsplanen er ikkje lenger realistisk.
Framdrifta av gang- og sykkelvegen frå Straumavegen til Vikse skule har ikkje gått heilt etter planen.
– Planen var å leggja asfalt no i februar, i mars skulle alt vera ferdig. Diverre så klarar me ikkje å innfri den tidsplanen. Me fekk oss eit skot for baugen då kulda kom, i tillegg har det dukka opp fleire uforutsette ting undervegs som har forseinka arbeidet, opplyser Bernt Herland, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.
Mykje er gjort
Herland er likevel optimistisk når det gjeld snarleg sikring av skulevegen på Vikse.
– Eg kan ikkje sei nokon eksakt dato for kva tid alt er klart, men veit av erfaring at når grunnarbeida først er gjort, noko mesteparten er, går det alltid fort på slutten.
Gang- og sykkelvegen på Vikse kostar rundt 10 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Sveio kommune, der kostnadane er fordelt 50/50.