nyhende
Vass- og pumpeleidningen klar over Viksefjorden
Tiltaket med å leggja vass- og avløpsleidningar i sjøen frå Vikse, over Viksefjorden til Rophus kaiområde, er ferdig. Total kostnad om lag 5,7 millionar kroner.
– Prosjektet har i grove trekk gått ut på å byggja ny avløpspumpestasjon på Vikse-sida, deretter leggja 1 kilometer lang pumpeleidning for avløp, samt 1 kilometer vassleidning over Viksefjorden til Rophus-sida, fortel Tore Johann Enerstvedt, prosjekt- og byggeleiar ved drift og anlegg i Sveio kommune.
Saman om ein reinare fjord
Anlegget er no meir eller mindre ferdig og pumpestasjonen er tatt i bruk. Vikse skule er allereie kopla innpå. Det er fleire bygg i området som skal koplast på dette offentlege avløpsanlegget no i løpet av ein til to månadars tid.
I samband med prosjekt sykkel og gangsti frå Vikse skule til Straumavegen, vert det lagt ned pumpeleidning for avløp langs traséen. Målet er at så mange som mogleg etter kvart ønskjer å kopla seg innpå dette offentlege avløpsanlegget.
– Dess fleire som koplar seg på dess reinare blir Viksefjorden, påpeikar prosjekt- og byggeleiaren.
Mange å takka
Xylem Water Solutions Norge AS vann anbodet på sjølve pumpestasjonen, medan T. Halleland AS vann anbodet med grunnarbeid, inkludert legging av vatn- og avløpsleidningar frå pumpestasjon og over Viksefjorden, samt kabelgrøft med meir.
I og med at delar av arbeidet er innafor eit naturreservat, var det naudsynt å gjera arbeidet på vinterstid utanom hekkesesongen for fugl.
Enerstvedt ønskjer å takka T. Halleland AS for godt samarbeid og godt utført arbeid. Han vil også takka politikarane i Sveio for å ha prioritert og godkjent dette prosjektet. Og til sist, men ikkje minst, skal grunneigar Harald Johan Studsvik ha takk for velvilje i prosjektet.
Tiltaket er merka med skilt på begge sider av Viksefjorden.