Illustrasjonsfoto av Stord vidaregåande skule.
Illustrasjonsfoto av Stord vidaregåande skule. FOTO: Daniel DeNiazi

Mogleg å ta vitnemål eller fagbrev gratis

Er du permittert eller arbeidsledig og har ikkje fullført vidaregåande opplæring? No har du sjansen til å skaffa deg vitnemål eller fagbrev gratis.

Alle kan søka for å bli med i ordninga – uavhengig av alder. Det er ingen søknadsfrist, og me behandlar søknadar fortløpande. Dei første tilboda startar våren 2021. Tilboda blir gitt på skule heiltid eller deltid, som nettundervisning, intensivundervisning og eksamenskurs, opplyser Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen vil i størst mogleg grad skreddarsy løysingar som passar med lokale behov der du bur, og behova du har for vidaregåande opplæring.

Terskelen for å søka er låg, og du startar med å fylla ut eit kort søknadsskjema og kryssar av for fag du manglar heilt eller delvis. Deretter tek fylkeskommunen kontakt for å vurdera kva behov du har, og kva ønske du har for framtidig yrke. Du får også karriererettleiing.

Grip sjansen om du kjenner deg att i noko av dette:

  • Du har gått på vidaregåande skule, men har ikkje fått vitnemål eller fagbrev.
  • Du har ikkje gått på vidaregåande skule, men har lang arbeidspraksis.
  • Du har gått på vidaregåande skule, men utdanninga er ikkje lenger relevant eller aktuell.

Kanskje du

  • manglar nokre fag for å bli ferdig med vidaregåande opplæring?
  • har slutta før du var ferdig med skulen eller læretida?
  • ikkje har gjennomført fagprøva?
  • har lang arbeidserfaring, men ikkje fagbrevet som beviser at du kan faget?

Blant ulike nasjonale koronatiltak, set regjeringa av pengar over statsbudsjettet til denne ordninga. Slik blir det mogeleg for permitterte og ledige utan fullført vidaregåande opplæring å få fullført fagbrev eller studiekompetanse. I desember var det 12 300 heilt arbeidsledige i Vestland.