Motiv frå Førde, desember 2020.
Motiv frå Førde, desember 2020. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Utvikling av Sveio i framtida

Gode innbyggjarar, Sveio Senterparti ønskjer å koma med nokre innspel som me synest er viktige for utvikling av heile kommunen vår. Me ser det kan bli utfordrande for kommuneøkonomien vår, alt i inneverande år.

Sveio Senterparti er oppteken av å utvikla heile kommunen vår, uavhengig om det er «aksen» Sveio-Førde, eller dei såkalla «randsonane». Sveio Senterparti er heilt klar på at alle deler av kommunen skal utviklast. Me ser at Sveio Arbeidarparti meiner at Sveio sentrum også er distrikt. I dag ligg det store planar om badeanlegg, idrettshall, barnehage i Sveio sentrum. Me er redd for at denne sentraliseringa vil gå utover våre andre livskraftige bygdar.

Me registrerer at posisjonen vil prioritera «aksen» Sveio-Førde, spanande dette, me ser ikkje at det er nemnd noko konkret om Førde og utvikling i dette området. Opposisjonen hadde eit godt framlegg i vårt alternative budsjett, der me ville opna for å flytta kommunale tenester frå Sveio til Førde. Vonleg er det dette posisjonen tenkjer?

Det vart i si tid reist eit godt slagord frå eit kjent parti, dette slagordet blei populært og ikkje minst at det blei gjennomført i praksis;

«By og land hand i hand». Dette slagordet vil me dra ned på lokalt nivå, men litt omskrive; «Det som er bra for Valevåg er bra for Sveio og motsett». Dette er eit budskap, der Sveio Senterparti ønskjer å bidra med utvikling av heile kommunen vår.

Det er mange prosjekt på gong i Sveio, der det vil bli store kostnader. Eigedomsskatten er sett ned, med dei følgjer det kan gje. Posisjonen vil nytta Havbruksfondet sine midlar som Sveio kommune får. Me veit desse inntektene vil vera variable år for år, me veit ikkje kva me vil få. Desse midlane kan me takka for at det blei satsa på havbruk i kommunen vår. Desse havbruksanlegga gjev også Sveio kommune verdfulle arbeidsplassar. Det burde vore rett og rimeleg at midlar frå dette fondet hadde blitt kanalisert tilbake til bygdene, t.d. opprusting av kommunale kaiar o.a. Ein burde også kunna nytta desse midlane til drift av kommunen vår.

Det er skrive noko i Vestavind om kvifor framlegg om utgreiing av formuesskatt blei vedteke i kommunestyret, etter framlegg frå Frp, der innleggshavar poengterte at det var utgreiing og ikkje noko vedtak om innføring av slik skattelette. Etter Senterpartiet si oppfatning, kunne ein heller vedteke og brukt tid og ressursar på utgreie utvikling av alle deler av kommunen vår, der målet måtte vera til gode for våre innbyggjarar.

Me vil få ei krevjande sak på bordet dette året og det er skulestruktur på ny. Senterpartiet hadde eit innlegg om grendaskulen i sist Vestavind og Haugesunds Avis. Me har klarlagt våre haldningar til skulepolitikken og framtidig skulestruktur. Sveio Senterparti ønskjer å utfordra posisjonen og dei andre partia til å klargjera sine standpunkt til framtidig skulestruktur.

Det er ikkje kjekk lesnad og konklusjon Telemarksforsking kjem med.

Me i Senterpartiet er heilt klar kva me meiner; Skulane ønskjer me å oppretthalde, alle som ein. Skulen er «limet» i bygdene og også for heile kommunen. Dette vil vera ei sak som innbyggjarane vil engasjera seg sterkt i, og godt er det. Me folkevalde skal vera lydhøyre.

Sveio Senterparti har som mål; Heile kommunen skal brukast og vidareutviklast. Me synest innlegget frå Ap i sist Vestavind, der «aksen» Sveio-Førde skal utviklast og «randsonane» ikkje blir prioritert no, er defensivt tenkt.

Sveio femner frå Tittelsnes i nord til kommunegrensa i sør, verken meir eller mindre.

Sveio Senterparti
v/ Monica V. Valen, Dagfinn F. Bjørge, Ole Velde, Arne Valen og Andreas Sirevåg,

Kommunestyrerepresentantar, Sveio Senterparti.