Haugesund sjukehus 21-8-2019_8 copy
FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Helse Fonna med viktig beskjed til pasientar:

Nye retningslinjer for dei som skal på sjukehuset

Sjukehusa på Vestlandet tar smittevern på alvor og har sett ned nye retningslinjer i samband med utbrotet av mutert koronavirus på Austlandet. Dei nye rutinane gjeld frå 24. januar.

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane, og for dei det gjeld vil ein setja inn ekstra tiltak for å hindra spreiing av smitte. Med Austlandet meiner ein sør for Trøndelag og aust for Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Område som naturleg og geografisk ikkje er ein del av Austlandet pr. fylke, til dømes Sirdal, Hovden og Vågslid/Haukeli reknast ikkje til dette området, skriv Helse Fonna på eigen nettstad.

For pasientar som skal til planlagd behandling vil sjukehusa vurdera å utsetja timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg. Ein skal testa, om det er mogleg, og negativ test avsluttar utsetjinga.

Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom skal vera isolerte og testast for korona-smitte. Ved negativ test skal isolasjonen opphevast.

Det er og innførd nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der ein ikkje kan halda ein meter avstand skal både pasient og medarbeidarar nytta munnbind. Inntil vidare gjeld dette i to veker.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid:

  • Hald god avstand, helst to meter
  • Vask hendene ofte og grundig
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime
  • Ha kontakt med så få som råd