SFO vikse 2018
«Ei undersøking viser at mange kommunar har planlagt ein reduksjon i kommunale tjenester. Dette vil ramma over alt, men dei største kutta kjem på dei største budsjettpostane som skule, SFO, helse og omsorg. Desse kutta vil svekka velferdstenestene». Illustrasjonsfoto frå SFO på Vikse skule i 2018 FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Fagforbundet Vestland:

– Fare for kutt i velferdstenestene

Fagforbundet Vestland er bekymra for den svake kommuneøkonomien og ser at den i mange kommunar fører til kutt i velferdstjenestene for innbyggjarane.

Fagforbundet er kjent med at nær halvparten av kommunane gjekk med underskot i 2020.
Hovedproblemet er ein svekka kommuneøkonomi over fleire år. I tillegg er det heller ikkje gitt
ekstraløyving som er store nok til å dekka utgiftene knytt til koronapandemien.

Ei undersøking viser at mange kommunar har planlagt ein reduksjon i kommunale tjenester. Dette vil ramma over alt, men dei største kutta kjem på dei største budsjettpostane som skule, SFO, helse og omsorg. Desse kutta vil svekka velferdstenestene. Høgreregjeringa hevdar at dei satsar på barn og eldre, men dette viser ikkje att i overføringane til kommunane.

Mange av Fagforbundet sine medlemmer har stått på gjennom heile koronakrisa, og ytt ein stor ekstrainnsats, for å gje innbyggjarane nødvendige velferdstenester. Det er urimeleg at den påskjønninga dei får er usikkerheit om eigen arbeidsplass, eller at dei må springa fortare for å gje hjelp, pleie og omsorg.

Fagforbundet meiner regjeringa skapar usikkerheit om kommunale arbeidsplassar. Dei burde heller ha brukt kommunane til å kjempa mot arbeidsløysa. I ei tid med rekordhøg arbeidsløyse, bør kommunesektoren nyttast til å gje fleire arbeid. Eksempel kunne lokale byggefirma tatt unna mykje vedlikehald på kommunale bygg dersom det hadde vore økonomi i kommunen til det.
Fagforbundet Vestland krev at regjeringa og Stortinget styrkar den generelle kommuneøkonomien.

På same tid må kommunane få midlar til iverksetjing av motkonjukturtiltak, slik at det lokale
næringslivet får oppdrag, og arbeidsløysa vert redusert.

Ralf Einar Johannessen
Regionleiar, Fagforbundet Vestland