valestrand oppvekstsenter
Valestrand oppvekstsenter. FOTO: Vestavind arkiv

Fråsegn frå Valestrand bygdelag:

Fråsegn frå Valestrand bygdelag vedrørande nedlegging av Valestrand skule og oppvekstsenter

Framlegget om å leggja ned skuletilbodet i Valestrand lengst nord i Sveio-kommunen og heller skysse desse småbarna til ein stor skule halvanna mil lengre sør i kommunen – fordi dette blir billegast – kom som eit sjokk på dei av oss som lever og bur og her nord.

Framlegget må avvisast.

Ein kan rekna på så mangt og finna at det er ulønsamt: Det er ulønsamt å ha barn. Og det er ulønsamt å køyra bil, det er i alle fall ulønsamt og lite attraktivt å bu i nordre delen av Sveio kommune om ein vel å fjerna det som gjerne gjer at ein har valgt å bu her nord.

For ein kommune er det nesten for dyrt å halda seg både med barn og med gamlingar. Men me betalar vår skatt til fellesskapet her nordfra også, og me vil ha vår rettmessige del av fellesgodene som skattepengane våre skal brukast til. Me er nå «smålåtne då» når me ikkje forlangar meir enn å få oppretthalda eit eksisterande skule- og barnehagetilbod me kan byggja vidare på. Den påståtte innsparinga her er for smular å rekna sett i relasjon til kva ein elles har planar om i kommunen.

Vi her nord avviser difor planane om nedleggjing og flytting.

Våre grunngjevingar er fleire:

  • Dei yngste elevane får ein heilt spesiell kontakt med sine næraste omgivnader når dei vankar i nærmiljøet i sine første år.
  • Dei får oppleve naboar, familie, naturskiftande vêrlag og mangt anna når dei har skulen sin i bygda. Og omvendt, dei blir oftare lagt merke til av vaksne bygdefolk.
  • Den lokale skulen har også mykje å seia for dei vaksne i bygda.
  • Den er ein stad der foreldra vankar og utvekslar synspunkt og mangt med dei tilsette og seg imellom.
  • Men skulebygget har også – i nærpå hundre år! – vore nytta til samkomer av ulike slag.
  • Bygda har nemleg støtt hatt eit mangfaldig og vitalt lags- og organisasjonsliv. I skulehuset har desse frivillige laga i årevis hatt kurs, foredrag, basarar, teater, «Teartig» utstillingar, festar o.l.
  • Skulen her nord har altså etablert seg som eit felles treffpunkt, same kva særinteresser kvar einskild av oss elles måtte ha. Slikt er ikkje sjølvsagt. Utan at det har vore tilsikta, har dette vore medverkande til at bygda er open og tolerant for sære interesser og samstundes prega av fellesskap og dugnadsånd. Slikt gir vi ikkje frivillig slepp på.

Til liks med mange andre bygder har Valestrand endra seg mykje i nyare tid. Men Valestrand er ikkje eit distrikt i stagnasjon eller nedbyggjing. Me har og eit rikt kulturliv som har sin opprinnelse i frå nettopp miljøet rundt born, foreldre og møteplassen i skulemiljøet.

Nye heimar er bygde. Nye generasjonar har overtatt gamle hus og gardar. Yrkeslivet er blitt meir variert. Familiar frå andre landsdelar – og frå andre land – har flytta hit og trivst. Samstundes med at kommunale instansar har hastverk med å drenere fellesskapet her nord ved å avvikle skulen og skysse småbarna i buss vekk herifrå, jobbar lag og organisasjonar i bygda med planar om utvikling, bruk fornying av lokale  ressursar.

Med bakgrunn i dagens situasjon med pandemiar visar mindre samfunnseiningar sin styrke. Måten å planleggja og utforma samfunnsstrukturar vil ein nok måtte revurdera utifrå «tradisjonell gamaldags tenkning» med store einingar.

Ei større fagleg utgreiing (såkalla «Mulighetsstudie»), tinga med kommunal og fylkeskommunal stønad av Liv og Lyst Valestrand frå firmaet LÉVA Urban Design, vart levert for nokre veker sidan. Berre innhaldet i denne utgreiinga skulle tilseia at kommunen bremsar hastverksplanane om skuleflytting og tenkjer seg litt om, om ein då er framsynt og ser mogelegheiter.

Sjølv om vi her nord kanskje må jobba litt meir og ikkje tener noko som helst på dette, så vil vi ikkje gi opp det ein kunne kalla for vår lokale tradisjon: Samhald og fornying på tvers av ulikskapar. Slikt har sin verdi, jamvel om nokon seier at det ikkje lønar seg.

For styret i Valestrand Bygdelag
v/leiar Agnieszka Wanag