«Det er likevel ingen motsetnad mellom å ville dette, og samstundes heie på Vikse, Auklandshamn, Lid, Bua, Fjon, Kvalvåg, Erve, Oa, Tjernagel, Liereid, Straumøy, Valestrand og Tittelsnes som flotte plassar å bu og leve» skriv Asle G. Halleraker i Sveio Ap. Dette artige motivet fann me i arkivet, og er frå 2009.
«Det er likevel ingen motsetnad mellom å ville dette, og samstundes heie på Vikse, Auklandshamn, Lid, Bua, Fjon, Kvalvåg, Erve, Oa, Tjernagel, Liereid, Straumøy, Valestrand og Tittelsnes som flotte plassar å bu og leve» skriv Asle G. Halleraker i Sveio Ap. Dette artige motivet fann me i arkivet, og er frå 2009. FOTO: Irene Jacobsen, arkivfoto

Aksen Førde – Sveio

Førde og Sveio har vore og er kommunesentrum i Sveio, og det er difor naturleg å ta utgangspunkt i desse i debatten om ein distriktsprofil. Ut ifrå desse to mest folketette bygdene, er det sjølvsagt fleire høgst oppegåande og levande bygder i alle himmelretningar. Det er dette som er så flott med Sveio. Eg er difor ikkje tilhengar av ei avfolking av alle dei andre bygdene utanom Førde og Sveio.

Dei vil også vere der i framtida. Eg ynskjer heller ikkje å ta vatn, straum eller internett frå folk nokon stad i kommunen.

Det eg ynskjer er å samle dei mest sentrale kommunale tenestene innanfor grensa til kommunesenteret, som altså ei tid tilbake er vedtatt å vere Sveio sentrum. Her skal alle innbyggjarane få tenester som er naturlege i eit sentralt knytepunkt.

Me lever likevel i ei tid der fleire av tenestene er digitaliserte. Det er eit fenomen som er globalt, og som me lokalpolitikarar berre må ta inn over oss. Det blir difor feil for oss i Sveio Ap å flytte sentrale kommunale funksjonar som t.d. ordførarkontoret eller deler av rådmannen sin stab til Førde eller andre deler av kommunen. Desse funksjonane vil me samle i sentrum, slik som t. d. ungdomsskulen, sentralidrettsanlegget, symjehall og Sveio omsorgssenter.

I Førde vil me oppretthalde Førde legekontor slik som no, sjølv om rådmannen hadde sett for seg noko anna. Dette er med på å gjere Førde til den levande og attraktiv bygda ho allereie er. Det er likevel ingen motsetnad mellom å ville dette, og samstundes heie på Vikse, Auklandshamn, Lid, Bua, Fjon, Kvalvåg, Erve, Oa, Tjernagel, Liereid, Straumøy, Valestrand og Tittelsnes som flotte plassar å bu og leve. Det er menneska som bur der som skapar bygda, og kommunen skal syte for dei tenestene som er kommunale også lengst vekke frå «aksen».

Dersom nokon ynskjer å etablere kreative og framtidsretta verksemder, gjerne i takt med «Det grøne skiftet», skal og må me heie på desse menneska og gründarane. Sjølvsagt gjeld dette også eksisterande verksemder. Me som kommune har ei plikt til det, og ynskjer at slike verksemder skal kunne utvikle seg innanfor kommunen. Ta gjerne kontakt dersom det er noko konkret kommunen eller dei valte politikarane skal hjelpe til med.

Me i Sveio Ap trur framleis på eit sterkt sentrum saman med alle våre levande flotte bygder.

Beste helsing
Asle G. Halleraker
Leiar Sveio Ap