Auklandshamn skule i 2010.
Auklandshamn skule i 2010. FOTO: Arkivfoto

På an igjen!!

Eg, mannen min og dei tre skulebarna våre har budd i Auklandshamn i tolv år. Me har kjempa oss gjennom to skulesaker tidlegare, og nå står me oppi den tredje. Me er altså tilflyttarar til denne flotte bygda. Nærleik til sjøen, nærbutikk, nærskule og barnehage på Bua var avgjerande for at me valde å busetje oss her.

Auklandshamn er ei bygd med enorm dugnadsinnsats både privat og via Bygdelaget, Idrettslaget, Filadelfia og Bedehuset. Mange gode krefter er i sving for ettermiddagsaktivitetar for barn og unge. Dette er verkeleg ei levande bygd som kommunen ønsker seg! For nokre år sidan var «Levande bygder» eit motto, noko kommunen meinte skulle styrkast. Forsvinn skulen i desse levande bygdene, raknar etterkvart dei andre aktivitetane som i høg grad er knytte opp om skulen og skuleområdet.

Auklandshamn skule har dyktige lærarar som ser kvar enkelt elev. Lærartettleiken er god. Mange av skulebarna får gå eller sykle til og frå skulen kvar dag. Det er verdifullt. At barna får gå på ein nærskule i kjende omgjevnadar skapar tryggleik.Trygge barn er viktig.

Me har snakka med gutane våre om at Auklandshamn skule er nedleggingstruga. Gutane blir lei seg. Det skapar frykt for det ukjende. Deira trygge skulekvardag er truga. Politikarane tenkjer ikkje mykje på alle barna som mister skulen sin. Heller ikkje lærarane som mister arbeidsplassen sin i nærmiljøet, tenkjer dei på.

Skulen er ikkje berre ein stad for kunnskapsformidling, men også staden der unge og vaksne samlast til allidrett, fotballtrening, basar, karneval, 17. mai m.m. Han skaper liv i bygda og er viktig for den lokale butikken. Skulen er eit umisteleg gode for alle i Sveio, same kva «akse» ein bur på.

Me hadde oss ein søndagskøyretur langs Ålfjorden på Sveio-sida. Ein nydeleg tur med sjøutsikt og grøne omgjevnadar. Me passerte også Lid skule som blei nedlagd for nokre år sidan. Det var eit trist syn. Mosegrodde veggar, avflassa maling og fullstendig ustelt. Temmeleg dystert. Er det slik kommunen vil at nærskulane og bygdene skal sjå ut om nokre år?

Annbjørg Lunde
Auklandshamn