valestrand oppvekstsenter skule
«Tek ein bort Oppvekstsenteret, så meinar me at kommunen går imot sin eigen planstrategi» FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Høyringsinnspel til skulestruktur frå Valestrand Kvinne og Familielag og Einstadbøvoll Helselag

I dette notatet presenterer me, Valestrand Kvinne og Familielag og Einstadbøvoll Helselag sitt innspel til famtidig skulestruktur i Sveio kommune. Begge laga engasjerar seg i bygda med blant anna språk-kafe, middag på Oppvekstsenteret, aktivitetar på butikken vår, hjartemarsj, julemesse, innsamlingsaksjonar (mellom anna Demensaksjonen), frukt til oppvekstsenteret, mat til barnehagen og opparbeiding av naturstiar. Me i Valestrand Kvinne og Familielag og Einstadbøvoll Helselag ynskjer at noverande skulestruktur skal halda fram slik den er i dag.

Me er opptekne av at det er liv i bygda, og at det skal vera ein god plass for folk å busetja seg. Gjeldande kommuneplan har eit tydeleg mål om auke i folketalet. I den overordna planstrategien står det at Sveio kommune skal jobba for folketalsutvikling, leggja til rette for gode bumiljø og oppvekstvilkår. På side 15 står det og at ein skal arbeida for å få tilflytting. Tek ein bort Oppvekstsenteret, så meinar me at kommunen går imot sin eigen planstrategi.

Sveio kommune ynskjer vekst i heile kommunen. Det vil ikkje vera tilfelle om ein legg ned Valestrand Oppvekstsenter. Folketalet er ikkje så høgt i Valestrand, men likevel kjem det stadig nye tilflyttarar til bygda. Der er personar, både med og utan tilknytning til Valestrand, som vel å busetja seg her. Eit av argumenta er at her er det skule og barnehage. Likeeins er det viktig med butikk i krinsen. Både skule og butikk er avhengig av kvarandre. Ein del av desse har arbeidet sitt på Stord. Det er då viktig at dei slepp den omvegen om Førde når dei skal ha kontakt med skule eller barnehage. Det er om lag 40% av elevane ved Oppvekstsenteret som ikkje har tilknytning til bygda. Dette viser at det er menneske som ynskjer å busetja seg i den nordre delen av kommunen.

Kommunen må verta flinkare til å setja seg sjølv på kartet, slik at ein får fleire tilflyttarar i heile kommunen. Det er ein flott kommune me bur i, og administrasjonen og politikarane må leggja til rette for at alle born skal få gå på nærskulen sin, så også på Valestrand. Hugs, eit sentrum treng oppland.

Eit av argumenta mot nedlegging er at det vert lang transport for mange. Dette går ut over fritida til borna. Ein veit og at det kan vera utfordringar som mobbing og bilsjuke. Me vil at alle borna våre skal ha ein trygg og god oppvekst. Skulen er eit knutepunkt for borna på fritida gjennom heile året, ikkje minst 17. mai feiringa.

I høyringsinvitasjonen skriv kommunen at det er Telemarksforsking sin rapport, saman med andre høyringsinnspel, som skal danna grunnlag for politisk sak om framtidig skulestruktur. Kor er då den overordna skulebruksplanen kommunen skal utarbeida? I Sveio sin overordna planstrategi for 2020-23 står det at skulebruksplanen skal sjåast i samanheng med bustadutviklingsplanen. Denne har me heller ikkje sett enno.

For som Telemarksforsking sjølv presiserer: «dei har ikkje utarbeidd ein skulebruksplan for Sveio, men bidrag til ein skulebruksplan». Det er kvardagen og liva til eigne innbyggjarar dette går utover. Me forventar at planstrategien blir fylgd i styringa av kommunen vår.

For Valestrand Kvinne og Familielag
Aslaug Svendsbø

For Einstadbøvoll Helselag
Laila Agnete Helvik