politi bil front
FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

Fartsbøter og stopp i Bømlafjordtunnelen

Torsdag kveld klokka 18.46 la politiet ut ei melding på Twitter. Då hadde Utrykningspolitiet målt to førarar til å køyra i 104 km/t. i 80-sona i Bømlafjordtunnelen. Forenkla førelegg blei utstedt.

Tidlegare på dagen var tunnelen stengt i samband med at ein lastebil hadde fått driftsstans. Politiet kom til staden for å bistå, tunnelen blei opna for redusert fart i begge retningar, medan lastebilen sto i havarilomme.