17. maifeiringa er eit godt eksempel på skulen sin funksjon utanom skuletid - ein samlingsplass til fest og glede for heile bygda. Lokalsamfunnet blir fattigare utan denne samlingsplassen. Bildet er frå 2010.
17. maifeiringa er eit godt eksempel på skulen sin funksjon utanom skuletid - ein samlingsplass til fest og glede for heile bygda. Lokalsamfunnet blir fattigare utan denne samlingsplassen. Bildet er frå 2010. FOTO: Foto: Einar Vestvik

Sjå verdien av grendeskulane

Eg har snart ikkje tal på kor mange gonger eg har vore med på kjempa for å behalda den lokale barneskulen, som tidlegare SU- og FAU-leiar, far og bygdemenneske. Til nå har me lykkast, men det er ikkje langt mellom kvar omkamp. Nå er det på an igjen. Denne gongen har eg valt å gi uttrykk for synspunkta mine gjennom ein privat høyringsuttale til Sveio kommune. Eg har gjort det fordi eg har tru på at skulen, saman med fleire andre element er viktig for levande bygder. Eg har også gjort det fordi eg registrerer at også dagens småbarnsforeldre står på for å behalda skulen. Dei fortener støtte. Her er det eg har skrive i høyringsuttalen til skulebruksplanen:

Som samfunnsengasjert innbyggar og aktiv innanfor fleire organisasjonar og føretak, vil eg med dette gi uttrykk for nokre synspunkt på «Rapport om framtidig skulestruktur i Sveio kommune» som nå er ute til høyring. Eg understrekar at eg uttalar meg som privatperson. Av dei krinsane som kan oppleva skulenedlegging eller redusert skuletilbod gjennom den prosessen som nå pågår, er det Auklandshamn eg kjenner best. Det er også denne krinsen eg vil seia mest om og uttala meg med størst  overbevisning, men eg vil tru mange av argumenta for Auklandshamn skule også vil gjelda for andre.

«Ein skulebruksplan tar for seg skulebygga i kommunen», står det innleiingsvis i rapporten. Slik må det sjølvsagt vera. Rapporten legg vekt på læringsmiljø og krav som blir stilte i nye læreplanar. Forståeleg det også. Me vil ha ein god skule. Den lokale skulen har også ei rolle utanom skuletid. Rapporten frå  Telemarksforskning omhandlar dette også. Kommunestyrepolitikarane, som skal ivareta lokalsamfunnet som heilskap, må også ta omsyn til dette. 

Planen handlar dessutan mykje om økonomi. Sunn økonomisk drift er viktig for at alle delar av samfunnet skal fungera. Til sunn økonomisk drift høyrer det med å prioritera lovpålagde tiltak framfor andre gode formål. Planen inneheld utrekningar som skal visa kva ein kan spara ved å leggja ned den eine eller den andre skulen.

Den totale samfunnskostnaden, og gevinsten, ved ulike skulestrukturar er vanskelegare å rekna ut. Korleis skal ein for eksempel verdsetja dugnad frå foreldre og lokalsamfunn? Og vil denne innsatsen vera like stor uavhengig av kva struktur ein satsar på? Det er også grunn til å spørja om dei relativt beskjedne innsparingane det er snakk om, står i forhold til ulempene på motsett side.

Eg er glad for at Telemarksforsking i sitt høgast prioriterte forslag går inn for å oppretthalda Auklandshamn skule. Det er då også mange gode grunnar til dette. Skulebygningen er i god stand og kan med små tilpasninger fungera i mange år til, heiter det i rapporten. Skulen har god uteplass, ligg tett på store naturområde som er ein naturleg læringsarena og i ei bygd som på frivillig basis er villig til å tilføra ressursar både i form av vedlikehald og bidrag til læring. Skulen har eit godt arbeidsmiljø for lærarar og elevar, og kan visa til gode resultat.

Skulen treng fleire elevar på sikt, ja det er rett. Og prognosane peikar nedover. Auka mobilitet gjer likevel prognosene usikre. Tilflytting kan føra til høgare elevtal enn venta. Det har skjedd før.  Og kommunen kan faktisk medverka til dette, i staden for passivt å lesa prognoser. Her vil eg visa til kva rapporten seier om Valestrand:

«Nærheten til Stord gjør nærliggende områder attraktive for barnefamilier.»

Mange politikarar i Sveio har gått inn for levande bygder og brukt slagord om å ta heile kommunen i bruk. Sitatet ovanfor må vera ei inspirasjonskjelde for dei. Attraktive område finst også i Auklandshamn. Her kan kommunen vera med å leggja til rette for utvikling saman med lokalsamfunn og utbyggarar.  

Som nemnt ovanfor har skulen oppgåver også utanom skuletid, utover det skulefaglege. Her foregår det mange aktivitetar på kveldstid, og skulen har eit nært samarbeid med organisasjonslivet. Forsvinn skulen, vil det vera eit stort tap for det lokale kultur- og foreiningslivet.

Auklandshamn har mange eldsjeler, kjem det fram i rapporten. Det er bra, og til gode for heile bygdesamfunnet. Eldsjeler er ein ressurs også for skulen, og faktisk ein god grunn til å oppretthalda skuledrifta.

Skulenedlegging fører neppe til massefråflytting på kort sikt. Eg er meir redd den langsiktige verknaden. At unge barnefamiliar ikkje vil etablera seg i bygda, at gjennomsnittsalderen dermed vil stiga og at ein større og større del av husa blir omgjorde til fritidsbustader.  Eg fryktar også at bortfallet av fellesarenaer vil redusera felleskapskjensla og opplevinga av å tilhøyra eit levande lokalsamfunn. 

Einar Vestvik