vaksine korona pfizer
FOTO: Irene Flatnes Haldin

Oppfordrar dei mellom 18 og 74 om å registrera seg i vaksinekø

Sveio kommune oppfordrar alle innbyggarar mellom 18 og 74 år (født i 1946 eller seinare) om å registrera seg i vaksinekø.

Det opnast òg opp for at ungdom mellom 16–17 år med høg risiko for alvorleg sjukdom registrerer seg i vaksinekø. Det gjeld ungdom i denne aldersgruppa med alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdommar eller medfødde syndrom. I tillegg blir ungdom med sjukdommar og tilstandar med særleg høg risiko vurdert individuelt, opplyser Sveio kommune.

Etter registrering i vaksinekø vil du bli kontakta per SMS for timebestilling. All vaksinasjon skjer på Soknehuset i Sveio sentrum til oppsett time.

Sveio kommune er i gong med å vaksinera personar over 75 år. Dei vil bli kontakta per telefon og treng ikkje registrera seg i vaksinekø.