12. februar 2021 dronefoto valestrand valevåg einstadbøvoll oppvekstsenter 12. februar 2021
Valestrand oppvekstsenter. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Verdlause grender, aksar og aksemakter i Sveio

Sveio har alt for mange skulekrinsar, og for mange innbyggjarar som bur altfor langt vekk frå Sveio sentrum. Dette lyt det gjerast noko med! Det er mantraet til fleirtalet av lokalpolitikarane i heimkommunen vår.

Nå er dei godt inne i det andre valåret og det er på tide å verkeleg gripe fatt i desse utkantsproblema. Det går berre ikkje an at folk i sentrale strøk skal driva på og sponsa utkantfolket.

For høyr her: Her har me no fjerna eigedomsskatten, me har, og skal investere stort i viktige og samfunnskritiske prosjekt som golfbane, badeanlegg, lys ut til eit fyr, vatn til naudsynte hyttefelt, og promenadegate i sentrum. Då seier det seg sjølv at no er det nok. No lyt samtlege innbyggjarar etter kvart forstå og innfinne seg med at Sveio, det er Sveio sentrum det.

Når no den politiske fleirtalsmakta i Sveio så tydeleg gir uttrykk for korleis dei verdsett grendene og grendefolket rundt om i heradet vårt i eit ikkje-valår,  gir det og grunn for visse refleksjonar. Dei nyttar ordet akse i forklaringa til sveibuen. Og det er berre ein akse som gjeld. Den går frå Sveiogata til Førde skule.

Denne «aksemakta» som består av Frp og Ap som frontkjemparar og som har reint fleirtal saman med dei to utbrytarane frå Høgre, tykkjer at det no er på tide å få rydda opp i skulesektoren i heimkommunen vår. Denne gongen er det Auklandshamn og Valestrand skulekrinsar det gjeld. Desse er, saman med Vikse, dei gjenlevande «utkantkrinsane» i Sveio. Men borna som veks opp i dei to andre herada som i midten på 60-talet gjekk saman med Sveio, dei lyt fint finna seg i å reise lange vegar med buss kvar morgon og kveld. Dette er ein liten pris å betale for å få til eit blomstrande kommunesentrum. For her skal det sparast pengar, må vite.

At foreldra til førskuleborn ofte har ein arbeidsveg som er i stikk motsett retning av denne skulevegen får så vere. Noko må dei ofre.

At grendene dette gjeld kjem til å sitje attende som dei store taparane, og med fleire nedlagte skular er visstnok ikkje så viktig. I alle fall ikkje for Ap. At grunnskulane er limet som knyt bygdefolket samen og gjer levande bygder, er av underordna tyding.

Det er ein klar strategi med dette frå fleirtalet og kommuneadministrasjonen. Når dei har utradert  minst to nye grendaskular, som dei reknar med å lukkast med, så blir det altfor mange tomme bygningar å handtere. Høveleg då at det i Formannskapsmøte 8. februar 2021 vart diskutert å leggje planar for avhending av kommunale bygg rundt om i krinsane. Jo, ein ser teikninga.

Eg lurar på kvar i valprogramma til Arbeidarpartiet og FrP det står at det skal fattast vedtak om at grunnskulane rundt om i bygdene skal utraderast?

Det er mange sambygdingar i nordre og vestre del av kommunen som ikkje skjønar kvar Ap og FrP har fått dette mandatet i frå. Eg vonar at dei som utgjer denne «aksemakta», klargjer dette for dei det gjeld.

Me er mange som saknar det å oppleve at våre folkevalde ser heilheita i det det er innvalde til, og som innser at skal Sveio lukkast, så må alle takast med.   

Tittelsnes 09.02.2021
Brigt Ottar Valen