Magne G. Bratland, direktør Haugaland Kraft Nett.
Magne G. Bratland, direktør Haugaland Kraft Nett.Bilde 1 av 2
Olav Linga er konsernsjef Haugaland Kraft AS.
Olav Linga er konsernsjef Haugaland Kraft AS. FOTO: Haakon NordvikBilde 2 av 2

Difor ligg nettleiga fast når straumen er dyr

Den bikkjekalde vinteren pressar straumprisane oppover. Til alle dykk som no etterspør lågare nettleige som ein kompensasjon for høge straumutgifter – me har ikkje vondt i viljen. Dette er eit forsøk på å forklara kvifor me likevel må skuffa dykk.

Av Magne G. Bratland, direktør Haugaland Kraft Nett og
Olav Linga, konsernsjef Haugaland Kraft AS

Det er ikkje til å stikka under ein stol at nettleige har lett for å hamna i same upopulære kategori som restskatt, NRK-lisens og kommunane sitt renovasjonsgebyr. Den 24. januar gjorde redaktøren i Haugesunds Avis eit heiderleg forsøk på å forklara korleis nettleiga er bygd opp og kva rammevilkår som gjeld for eit monopolselskap. Etter kommentarfeltet å døma, er det likevel behov for ein del oppklaringar.

For kunden er me eitt Haugaland Kraft, men i realiteten består konsernet av fleire ulike selskap. To av desse er straumselskapet Haugaland Kraft Energi og nettselskapet Haugaland Kraft Nett. Medan straum er eit kommersielt produkt der prisane er styrt av marknadskreftene (tilbod og etterspurnad) og varierer frå time til time på ein eigen kraftbørs, er straumnettet ein infrastruktur underlagt monopolkontroll og dermed strengt regulert av norske styresmakter. Poenget er at me som nettselskap ikkje har høve til å endra nettleiga for å blidgjera kundane til kommersielle straumselskap.

Den som set rammene for nettleige og som regulerer nettverksemda, er Noregs- vassdrags og energidirektorat (NVE). Inntektsramma vår blir justert årleg på bakgrunn av heilt andre faktorar enn straumpris eller andre marknadskrefter, som Haugesunds Avis gjorde ein grundig jobb med å forklara i den nemnde innsiktsartikkelen. Kostnader til drift, vedlikehald og kritiske investeringar spelar mellom anna ei viktig rolle for nivået på nettleiga. Takka vere nettleiga, står også dyktige fagfolk parate til å rykkja ut 24 timar i døgnet året rundt dersom straumen går i vårt nettområde, enten det er i øvre Suldal, Hellandsbygd eller i Fitjarøyane.

Aller helst ønskjer me å førebyggja straumbrot, då dette kan ha store konsekvensar, både for privatpersonar, bedrifter, sjukehus og andre institusjonar. Den komande oppgraderinga av straumnettet frå Ølen via Våg til Bratthammer i Tysvær er eit konkret døme på kritiske investeringar som nettleiga er med på å dekkja. Oppimot 70 år gamle linjer skal no skiftast ut og vil sikra straumforsyninga til både Tysvær, Haugesund og Sveio i 70 nye år. Eit anna døme er det 60 år gamle luftspennet over Åkrafjorden, som me i fjor haust erstatta med kablar i grøfta langs E134 for å auka kapasiteten og forsyningssikkerheita.

Me kunne ha gitt hundrevis av slike døme på kva nettleiga går til i heile vårt nettområde, som forsyner bortimot 90.000 nettkundar. Behovet for investeringar i straumnettet blir stadig fleire, som følgje av elektrifiseringa og digitaliseringa av samfunnet vårt. Me treng meir kapasitet, smartare straumnett og det kjem stadig vekk nye krav og forskrifter som me må retta oss etter. Som nettselskap er me plikta til å heile tida vera i forkant, slik at også framtidige generasjonar kan stola på at det alltid er straum i stikkontakten.

For å få til dette langsiktige arbeidet er me heilt avhengige av det føreseielege spleiselaget som nettleiga representerer. Sist me justerte opp nettleiga var i oktober 2020. Då var det over to og eit halvt år sidan førre justering. Dersom straumprisar, som varierer frå time til time, skulle diktert nettleiga, ville me stått i fare for å forsøma samfunnskritisk infrastruktur. Det er ingen farbar veg, men me forstår at det ikkje alltid er enkelt å skilja straum og straumnett. Dette kan heldigvis bli litt enklare – allereie neste år.

I 2021 kjem det nye og enda strengare krav til nettselskapa. Styresmaktene er opptekne av at straumselskap som inngår i same organisasjonsstruktur som eit nettselskap, ikkje skal dra konkurransefordelar av dette. I praksis betyr dei nye krava at Haugaland Kraft Nett rundt årsskiftet må skifta både namn og logo for å skilja seg markant frå straumselskapet Haugaland Kraft Energi. For deg som nettkunde betyr dette forhåpentlegvis at det blir enklare å sjå skilnaden på oss i nett og straumselskapet i same konsern.

Gjennom åra har me kanskje ikkje vore flinke nok til å synleggjera samfunnsgevinsten av nettleiga, eller til å forklara kvifor nivået på nettleiga er som den er.  Dette tek me sjølvkritikk for, og lovar bot og betring. For straumnettet blir berre viktigare og viktigare på vegen mot eit fullelektrisk og meir berekraftig samfunn. Då er me avhengige av å ha kundane våre med oss. Me skal ikkje ta mål av oss å bli like folkekjære som Bjørn Eidsvåg og Vamp, men myter og misforståingar rundt nettleiga bidreg til at denne samfunnskritiske infrastrukturen har fått eit ufortent dårleg rykte.