bedrift
FOTO: freepik.com / Pressfoto

Gratis kurs for dei som tenker på å etablera bedrift eller nye produkt

Tenker du å starta di eiga bedrift, eller treng du å vurdera nye varer eller tenester? Bur du i Sveio kan du få avklart ideane dine gjennom eit gratis kurs.

Det er Sveio kommune og Atheno, som jobbar med næringsutvikling i Sunnhordland som tilbyr StartOpp-kurset. Gjennom introduksjonskurset vil ein få ei kort innføring i kva som er viktig å tenka på i samband med ei etablering.

– Me vil sjå på enkle grep knytt til forretningsmodellering, og korleis ein kan testa og utvikla ideen ein har. Me vil også vera innom vanlege problemstillingar som du som sjølvstendig næringsdrivande vil kunne møta på, skriv Atheno i invitasjonen, som ein kan finna på Sveio kommune.

Tysdag 23. februar er kursdagen. Det er gratis og ope for alle som er busatt i Sunnhordland. Grunna korona vil det vera avgrensa mengde plassar på kurset, påmelding er naudsynt.