nyhende
Innspel frå innbyggjar førte til nytt offentleg toalett
Varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) synest det er midt i blinken at det no har kome eit offentleg toalett i det godt besøkte området til Sveio golfpark.
Det var ein innbyggjar som tok kontakt med varaordføraren for å høyra om ikkje ho kunne «fiksa» eit toalett på golfparken. Og det passa fint, for på tidspunktet visste Eriksen at teikningane til servicebygget var i ein endringsprosess.
Ho tok dette opp i formannskapet, der rådmannen fekk i oppdrag å underøka moglegheitene.
– Eg tok kontakt for å høyra kva det ville kosta oss, og var heldig med tilbakemeldinga. Eit samarbeid, der mellom anna Tippemidlar er involvert, gjer at det har blitt omtrent gratis, seier politikaren.
Klar til bruk
Prosjekteigar Haugaland Golfklubb likte ideen.
– I og med at turløypa, golfparkområdet er populært for alle brukargrupper, blei me bedne om å få sjå på moglegheiter for laga til noko slikt i same slengen. Det blei naturleg frå vår side å prøva å få til, då bruken av toalettfasilitetane i sjølve klubbhuset blir redusert, seier Per Bjørn Habbestad, styreleiar i Sveio Golfpark AS.
Det offentlege toalettet er tilpassa alle brukarar, og står klart til bruk. Drifta er det Sveio kommune som står for.