Jørgen Lund Karlsen, Sigurd Evensen og Stig Espen Hundsnes i MGP-showet laurdag kveld
Jørgen Lund Karlsen, Sigurd Evensen og Stig Espen Hundsnes i MGP-showet laurdag kveld FOTO: Julia Marie Naglestad/NRK

Melodi Grand Prix-finalen 2021:

Blåsemafian feat. Hazel fekk ikkje nok stemmer til gullduell

Blåsemafian feat. Hazel var blant fire av 12 som gjekk vidare i den norske MGP-finalen i kveld, men dei gjekk dessverre ikkje vidare til gullduellen, der dei to bidraga med flest møtest for ei siste avstemming.

– Sidan me er «underdogs» i finalen, treng me alle dei stemmane me kan få, sa Stig Espen Hundsnes frå Sveio til Vestavind nokre dagar før finalen, og det viser seg at dei har ein stor tilhengarskare rundt om i landet.

Saman med Sigurd Evensen og  Jørgen Lund Karlsen utgjer han gruppa Blåsemafian. I låta «Let Loose» har dei også med seg Caroline (Hazel) Teigen som vokalist.

Blant 12 andre bidrag gjekk Blåsemafian og Hazel sitt bidrag som nummer fem i showet.

Omtrent midtvegs i  programmet, blei det klart av Blåsemafian feat Hazel er ein av fire som er med vidare i finalen i kveld, i selskap med Jorn, TIX og Keiino sine bidrag.

Etter avstemminga blei det klart at Keiino og TIX gjekk enda eitt steg vidare – dermed er MGP-eventyret over for Blåsemafian og Stig Espen Hundsnes i denne omgang.

Nokre timar før finalen la trioen ut følgjande melding på Facebook:

Det har vært 5 fantastiske uker siden delfinalen, med engasjement fra hele musikknorge som har tatt eierskap til Let Loose bevegelsen og ført den videre for å inspirere og motivere til spilleglede og fellesskap Det eneste vi ønsker å gjøre er å løfte dette opp og frem ikveld!! Våre fantastiske ambassadører fra start har vært HMK Gardemusikken – og en større inspirasjonskilde skal man lete lenge etter. Vi er så takknemlige og rørt over alle som er i ryggen vår ikveld, og vi det gledes til å lage tidenes happening sammen med dere alle Spill, syng, dans og drill Let Loose hjemme i stua

Stig Espen Hundsnes i Blåsemafian på scena under generalprøven til MGP-finalen. FOTO: Julia Marie Naglestad/NRK