Tysdag morgon blei det gjennomført laserkontroll i 80-sona på Gullvegen.
FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

22 fekk bøter og ein mista lappen søndag kveld

Mellom klokka 17.30 og 21.15 søndag hadde Utrykningspolitiet laserkontroll på Haukås. Langs Europavegen blei det i tidsrommet skrive ut 22 forenkla førelegg, og eitt førarkort blei inndrage. Høgaste hastigheit blei målt til 88 km/t. Det er 60-sone på staden.