auklandshamn skule dronefoto 17.02.21
Auklandshamn skule, februar 2021. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Høyringsuttale om skulestruktur frå Auklandshamn idrettslag

Vi les, som FAU nevner i sin høyringsuttale, i rapporten frå Telemarksforsking at hovudtilråding 1 er å behalde Auklandshamn skule, det er vi svært glade og takknemlege for, og håper verkeleg at politikarane ønsker å følge den tilrådinga.

Auklandshamn skule og Auklandshamn Idrettslag: Først og fremst så må vi nemna det gode samarbeidet vi har mellom skule og idrettslaget. Skulen blir brukt til aktivitetar både på kveldstid og dagtid.

Skulen er eit naturlig samlepunkt om det skjer noe eller ein ønsker og arrangere noko. Vi i AIL har arrangert Nipa-marsjen kvart år, med utgangspunkt i skulen som start og mål. Fotball for dei små og innebandy for dei litt eldre er og faste innslag i ein normal situasjon før koronaen kom. Folkehelsetiltak på lavt nivå, for folk i alle aldersgrupper.

Vi i AIL er et lite idrettslag, berre nokon få i styret som et minimum, ingen store utgifter og baserer oss på dugnad og at folk bidrar med det de kan sjølv. Prosentvis så er store deler av Auklandshamn medlem eller støttemedlem av AIL og/eller bygdelaget. Samarbeid mellom idrettslaget og skule er kjempebra.

Vi i AIL har stor tro på at Auklandshamn skule har eit av dei beste læremiljøa i Sveio kommune. Dette ser vi på måten de unge snakkar om skulen sin på og trivest med og være på skoleområdet i fritida si.

Viktigheita av å ha ein lokal samlingsplass på fritida for de unge og ein plass der de kan få være fysisk aktive i trygge omgivelser på sin egen skule kan ikkje overvurderast. Også nokon av dei eldre i bygda bruker skulen i AIL regi med innebandy eller gymnastikk. Igjen folkehelse tiltak på lavt nivå.

Verdien av slikt er kanskje vanskeleg å måle men at den er lik null kan ingen hevde og at den har en verdi for kommunen og for kommunens innbyggarar er det ingen tvil om.

Om Auklandshamn skule skulle bli nedlagt så frykter AIL at det blir tungt og oppretthalde miljøet og idretten her ute. Det blir en slags initiativ frå kommunen sin side til nedleggelse av vårt idrettslag like mye som vår skule.

Dugnadstimane som blir lagt ned her ute for å gi ungene våre og eldre eit tilbod, om enn kanskje ikkje så stort og variert som større plassar, er vi heilt avhengige av. Om skulen blir lagt ned så frykter vi stort for lokalmiljøet og samholdet mellom alle lag og organisasjonar her ute. Idretten har i dag allereie, som fleire undersøkelser viser, utfordringer med og få nye unge med i idretten og opp av sofaen.

Nedleggelse av bindepunkt i lokalsamfunn vil føre til større problemer, og med dette kostnader for kommunen. Vurderingane i rapporten til Telemarkforsking er gode, men folkehelse og psykososiale forhold rundt det å være med på noe på fritiden er ikkje utredet godt nok mener vi og håper at kommunen vil ta dette med i vurderingen sin.

Ellers vil vi til slutt få referere videre til FAU sin høringsuttalelse. Les denne godt da den inneholder flere gode punkter og enda mer info om hvor mye som egentlig foregår rundt våre lille, lokale skule her ute.

På vegne av Auklandshamn Idrettslag
Stig Nilssen