nyhende

ryvarden lysløype turløype
Eit turfølgje på veg til Ryvarden.

Foreslår at lysløype-pengar kan bli omdirigert til trafikksikringstiltak

I desember gjorde fleirtalet i kommunestyret eit vedtak om å setja av 200 000 kroner til eit forprosjekt til ei lysløype frå Mølstrevåg til Ryvarden. Dersom pengane ikkje er alt brukt eller forplikta, og kan omdisponerast utan negativ, økonomisk konsekvens, ber Sveio Høgre om ei ny avstemming.

Publisert Sist oppdatert

Interpellasjon

En interpellasjon er en type forespørsel som kan fremsettes i en debatterende og besluttende forsamling. Den som fremsetter en interpellasjon, kalles interpellant.

Kilde: Store norske leksikon

Det er ordførar Linn Therese Erve (Ap) som har fått spørsmålet i form av ein interpellasjon. Det betyr at ho mest sannsynleg vil gi eit svar på spørsmålet på kommunestyremøtet i kveld.

Sveio Høgre sitt forslag går ut på at kommunestyret kan ha ny avstemming, der pengane blir omdisponerte til lyssetjing av trafikkfarleg skuleveg, som anbefala i trafikksikringsplan for Sveio kommune. 

Kan bli tatt opp i kveld

Dersom pengane ikkje er forplikta, svaret frå ordføraren er klart og forslaget deira går gjennom, kan saka bli stemt over alt i kveld.

Grunngjevinga frå Sveio Høgre er at dei negative konsekvensane med ei lysløype framstår som openbart større enn dei positive verknadane. 

Heller veglys

– I tillegg skal pengane nyttast til forprosjektering og det vil ikkje sett opp eit einaste lys for pengane. Me har mange trafikkfarlege vegstrekningar i Sveio kommune og veglys er eit av tiltaka som kan betra på dette. Sveio kommune har kartlagt disse vegstrekningane og kan forholdsvis raskt og effektivt sørgja for betre lyssetjing dersom ein har meir midlar. Kommunestyret har også vedteke trafikksikringsplan som gjev føringar for kva tiltak som skal prioriterast. Her har me moglegheit til å lysa opp farleg skuleveg i staden for å produsera rapportar som mest sannsynleg aldri vil føra til noko, skriv kommunestyregruppa til Sveio Høgre i interpellasjonen.

Powered by Labrador CMS