Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Lette nasjonalt, men held igjen lokalt:

Lokale smitteverntiltak fram til 1. mars

Det er lokale tilrådingar frå 23. februar – 1. mars i Sveio, Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord.

Måndag føremiddag sendte rådmenn og kommunedirektør frå sju kommunar ut informasjon om dei lokale tiltaka:

Frå tysdag 23.02.21 vil det vera noko lette i nasjonale vedtak og tilrådingar om smittevern.
På grunn av det pågåande utbrotet i Haugesund ønskjer kommunane Haugesund, Karmøy,
Sveio, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord at me som region utset arrangement og private
samankomstar på offentleg stad som samlar fleire enn 10 personar innandørs.

Lokale tilrådingar for 23.02.21-01.03.21 blir som følgjer:

  • Arrangement og private samankomstar innandørs på offentleg stad kan gjennomførast
    med inntil 10 personar.
  • Gravferd og bisettelse kan gjennomførast med inntil 50 personar.
  • Arrangement innandørs med inntil 100 personar i fastmonterte sete er tillate. Dette betyr at den nasjonale letta om inntil 100 personar på «tilviste plassar» ikkje gjeld for regionen vår fram til 01.03.21.

Rådmenn og kommunedirektør

Sigurd Eikje, Tysvær kommune
Vibeke Vikse Johnsen, Karmøy kommune
Bjørn K. Aadnesen, Utsira kommune
Ingeborg Skjølingstad, Bokn kommune
Jostein Førre, Sveio kommune
Yngve Bergesen, Vindafjord kommune
Ole Bernt Thorbjørnsen, Haugesund kommune