bygg og bu

Satsar på uteplassar:

Anders Aadland (bilete innfelt t.v.) og Jon Terje Kyvik står bak det nyetablerte selskapet Uteidyll AS. No ser dei fram til å vera forhandlar av pergolaer, importert frå Belgia. Ifølgje dei to blir demo-modellen, ein Renson Camargue (biletet), sett på som sjølvaste Rolls Roysen innan pergola.
Anders Aadland (bilete innfelt t.v.) og Jon Terje Kyvik står bak det nyetablerte selskapet Uteidyll AS. No ser dei fram til å vera forhandlar av pergolaer, importert frå Belgia. Ifølgje dei to blir demo-modellen, ein Renson Camargue (biletet), sett på som sjølvaste Rolls Roysen innan pergola.

Hagedraumar på veg til Hanaleite

Drøymer du om å nyta uteplassen uansett vêr? Det kan du oppnå med ein skreddarsydd pergola. Eit nytt firma, der ein sveibu er med på laget, rettar seg mot alt som høyrer heime på terrassen. På Hanaleite vil dei ha utstilling med nettopp pergola.

Publisert Sist oppdatert

Jon Terje Kyvik (27) og Anders Aadland (42) står bak Uteidyll AS. Kyvik er busett i Sveio, Aadland på Stord. Begge er tømrarar og etablerte med eigne føretak – Kyvik bygg AS og Nove AS. Då spørsmålet om å bli salsagentar for Renson, eit belgisk selskap som fører eit vidt spekter av pergolaprodukt, oppretta dei i oktober i fjor eit nytt felles selskap.

Show-room

På Hanaleite fann dei eigna lokale. Det skal fungera som eit show-room der kundane får studera ein demo-modell, og få svar på spørsmåla sine. Verksemda kan også tilby solskjerming og fasadekledning.

– Etterkvart vurderer me å utvida med grillar, biopeis, glassrekkverk og andre ting som høyrer til på ein terrasse, fortel Aadland.

Den nye trenden

– Pergola er den nye trenden, med ein slik i hagen kan du forlenga sommaren i begge endar. Me har tru på at det er ein marknad for slike produkt, og grunna korona veit me at folk brukar pengane heime no i staden for å reisa til Syden, seier Kyvik.

Hanaleite industriområde. Uteidyll skal ha utstilling i det nyaste bygget, som er øverst til høgre.

Kyvik og Aadland håpar å ha demo-modellen på plass på Hanaleite i april/mai. Basis er eit rammeverk i lakkert aluminium. Fellesnemnaren er høg kvalitet. eit ekslusivt produkt som toler norske forhold. Kan skreddarsyast, både frittståande og inntil vegg. Pergola betyr søylegang på italiensk.

Framtidsplanar

– Me satsar litt forsiktig i starten, målet vårt er å jobba oss sakte, men sikkert nordover til Bergen, seier Kyvik. Han er oppvaksen på Stord, men fortel han dei siste seks åra har levd det gode familieliv på Våga i Sveio. No håpar han på gjensyn med gamle kjente.

– Stordabuen har berre godt av å ta seg ein tur til Hanaleite, så får dei sjå litt vakker natur i tillegg, ler Sveio-patrioten.

Powered by Labrador CMS