auklandshamn skule dronefoto 17.02.21
Auklandshamn skule, februar 2021. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Livskraftige bygder med gode skular

Kjære politikarar og administrasjon i Sveio kommune. Me er så heldige som bur i ein fantastisk flott og vidstrakt kommune med vakker natur rett utanfor dørane våre. Me har mange flotte, livskraftige bygder med gode, velfungerande nærmiljøskular.
Politikarane har nå i mange år valt å prioritere og stimulere til vekst både i bygdene og i dei to kommunesentra. Denne satsinga håpar med fortsett og at dykk ser verdien i denne satsinga. Me merkar i alle fall at mange unge familiar har flytta frå andre kommunar inn til bygdesamfunna her i Sveio dei siste 10-20 åra.
Leve landleg
Alle lag og organisasjonar, FAU og innbyggarane her i Auklandshamn står saman og vil gjere alt me kan for å få behalde den gode skulen vår, med dyktige pedagogar, og trygt og godt læremiljø.
Me har fått mange tilbakemeldingar frå innbyggarane som er rysta over at skulesaka som plutseleg kom opp nå, særleg nytilflytta småbarnsfamiliar er sjokkerte. Skulen er nesten fulltalig. Det har aldri vore så mange elevar som dei siste 5-10 åra, og så er det blitt bestilt ein rapport for å vurdere nedlegging? Aldri før har det vore meir populært å leve landleg, mange unge har flytta hit dei siste 15 åra, og ennå fleire har planer om å bygge hus her.
Me har fått mange tilbakemeldingar om at det er på grunn av nærskulen i bygda dei valde å busette seg her, og ikkje berre ha det som hytteplass. Ein ser også nå ei ny trend der det ikkje berre er folk som er oppvaksne i bygdene som kjem tilbake, men også ein del utan tilknyting kjem flyttande frå andre kommunar og byar, med ønske om å bu landleg og la barna få gå på ein liten, trygg nærmiljøskule.
Økonomi
Heldigvis er fleire av politikarane tydelege på at dei ønsker å  oppretthalde grendaskulane i livskraftige bygder. Dersom det er økonomi som her hovudgrunnen til at denne rapporten er bestilt, sett me eit stort spørsmålsteikn ved kor mykje ein i praksis sparer ved å legge ned? Politikarane må tenke heilhet, og me meiner at det gjer ein ved å jobbe for gode tilbod i heile den vidstrakte kommunen vår. Erfaringar frå andre kommunar som har lagt ned viser at dei ikkje har hatt dei besparelsane som var forespeilt. Dette pga. blant anna stor auke i transportkostnader, drift av bygningane og ikkje minst når det er blitt starta opp privatskule, noko som kan bli eit svært kostbart alternativ for kommunane.
Fødselsprognosar og tilflytting
Sveio er i vekst, og sjølv om fødselsprognosane viser at talet på barn er synkande i heile kommunen, viser ikkje desse tala framtidig tilflytting, og bustadtomtene som nå blir lagt ut for sal (bl.a. fleire stader her i Auklandshamn). Det er tilflytting i sør, ikkje berre i sentrum, og stadig tilflytting av barnefamiliar til bygdene både i vest og nord.
Dugnad, samhald og konsekvensar
Her i Auklandshamn har me mange engasjerte frivillige frå lag og organisasjonar som står på heile vekene og arrangerer fritidsaktiviteter for barna våre. Det er enorm oppslutnad, dei aller fleste barna er med på det som er av aktivitetar for store og små her, Det er fotball, all-idrett, innebandy, yngres, barnekor, supertirsdag, RR, søndagsskule, kino på butikken + sy-treff og strikkekafé og kystlag for dei vaksne.
Vi har 17. maifeiring på skulen og eige korps i toget. Me har til og med gratis «SFO» på nærbutikken, der butikkeigar Åse Marie Økland stiller opp for foreldre som treng barnepass før eller etter skuletid; barna kan få være på kafeen å spele eller teikne dersom foreldra treng hjelp.
Me er sååå takknemlege for det gode samhaldet og frivilligheita her i Auklandshamn, og er redd for at nedlegging av skulen vil føre til mindre samhald i bygda, mindre tilflytting, og at bygda (og kommunen) kan bli prega av at hus blir selde som hytter.
Me fryktar store ringverknader på fleire plan. Også den gode, flotte barnehagen på Bua kan stå i fare. Dersom elevane blir flytta til Førde, vil dette bli feil retning dersom storesøsken skal hentast på SFO i Førde. Me er bekymra for mindre samhald, og at barna og bygda vil bli splitta dersom ein vel å dele bygda i to skulekrinsar. Me tenker også på samfunnsøkonomiske konsekvensar dette kan gi. Dersom det blir fråflytting, og husa blir omregulert til fritidsbustader, vil dette redusere skatteinntektene til kommunen
Dugnadsinnsatsen er stor i bygda vår, det er blitt gjort mykje bra dugnad frå både store og små  dei siste åra. Bl.a. har det vore  oppgradering av fotballbanen med høge gjerder og nytt klubbhus. Både ballbingen og tennisbanen blei også bygd på dugnad. Uteområdet ved skulen er fantastisk flott med leikeplass, grillhus med benker og bord, bordtennis, «skøytebane», samt mange flotte turmål like utanfor skulen. Er det noko bygdefolket er gode på her i Auklandshamn så er det dugnad, og me stiller gjerne opp for skulen dersom det er vedlikehald eller anna som trengst for at me skal få behalde den flotte, gode nærskulen vår.
Nå har me også fått dagsturhytte berre 45 minutt gange frå skulen. Her har Auklandshamn bygdelag vore svært delaktige og har teke på seg tilsynsansvaret for hytta. Dei tar seg og av  organisering av det meste av dugnadsarbeid som trengs. Hytta skal også bli utstyrt med eit lite nynorsk-bibliotek som blant anna elevane på skulen kan nytta på sine turdagar.
Dårleg skuleveg og folkehelse:
Vegen til Auklandshamn er svært dårleg både mot Førde og mot Sveio, og me meiner det er uforsvarleg dersom politikarane vel å legge ned, og sette barna på buss i over 3 mil dagleg på desse dårlege vegane. Vegen må iallfall utbetrast før ein i det heile tatt tenker på å skysse elevane desse lange strekningane. Me viser også til barnekonvensjonen og helsedirektoratet sine anbefalingar og håper verkeleg at barna våre skal få sleppe å måtte sitte på buss ein til to timar kvar dag (slik det er nå bruker ungdommane våre ca. 1,5 t dagleg på buss til Sveio skule, via Førde) Dette blir 30 t/mnd på buss.
Dette er alt for lenge for små barn, som treng desse timane til fysisk aktivitet. Barna bør ha moglegheit til å gå eller sykle til skulen. Lange bussturar er ikkje bra, verken for den fysiske, eller psykiske helsa til små barn. Forsking viser at det er ei stor ekstrabelastning, særleg for dei minste barna med lang skuleskyss. Me veit også at det  skjer ein del mobbing og bråk på skulebussane.  Forskinga viser vidare til at det derfor er viktig at det er meir enn kommuneøkonomien som må leggast til grunn før ei evt. skulenedlegging.
Så me ber politikarane om å ta omsyn til alt dette før dei tar ei så stor og viktig avgjer som får SÅ store konsekvensar for svært mange barn og familiar i kommunen vår. Tenk folkehelse; både fysisk og psykisk helse, dette er framtida til barna våre.
FAU Auklandshamn skule
v/ leiar Marryel Velde
Auklandshamn bygdalag
v/leiar Alf-Helge Lien
Auklandshamn idrettslag
v/leiar Stig Nilssen