nyhende

Liv Kari Eskeland.
Liv Kari Eskeland.

Over ein halv million ekstra til Sveio-bedrifter

Fredag kom ei pressemelding frå Sveio Høgre, der det går fram at Sveio kommune får 531 651 kroner i ekstra støtte til verksemder i Sveio.

Det er regjeringspartia og FrP som deler ut ein milliard i kompensasjonsordning til alle kommunar i landet. I pressemeldinga står det at Sveio kommune får tilført over ein halv million kroner, som skal tilfalla lokale verksemder som er råka av nasjonale eller lokale smitteverntiltak.

Sveio Høgre, ved leiar André Mundal Haukås, rosar den ekstra støtta, og håpar at kommunen raskt kjem i dialog med næringslivet, for å sikra at lokale verksemder i alle storleikar får hurtig tilgang til kompensasjonsordninga.

– Me er svært glade for at regjeringa og FrP kjem med denne støtta. Dette er viktig til dei av verksemdene våre som under pandemien har opplevd tronge tider. Det at kommunane sjølve skal syte for omlaup på pengane synest me er storarta. Ein sparar byråkratiske prosessar og pengane kjem raskare ut til dei som treng det, seier Haukås.

– Mange verksemder rundt om i landet er svært hardt ramma av dei skjerpa smitteverntiltaka som vart innført på nyåret. Det er kommunane som kjenner det lokale næringslivet best og veit kor skoen trykker. Desse pengane skal fordelast på ein rask og enkel måte, seier Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant frå Vestland Høgre.

Søknadsskjema

Kenneth Tollefsen i Sveio kommune seier at dei er klar over at det vil koma pengar, men at eit formelt brev ikkje er kome i deira system enda.

– Me planlegg korleis me skal forvalta midlane og vil vurdera kriteria for tildeling og få på plass eit søknadsskjema, opplyser Tollefsen.

Dette får kommunane i Sunnhordland:

Sveio

531 651 kroner

Stord

1 732 920 kroner

Kvinnherad

1 199 798 kroner

Bømlo

1 100 252 kroner

Etne

372 449 kroner

Fitjar

288 437 kroner

Tysnes

267 572 kroner

Powered by Labrador CMS