Smittevernreglar sette ei grense på berre ti tilhøyrarar, det var likevel stor stemning under konserten i Valestrand-kyrkja torsdag kveld.
Trass i få tilhøyrar i kyrkjerommet (konserten blei også «livestreama»), uttrykte artistane Maren Myhrvold (song), Marita Kjetland Rabben (flygel) og Åge Kvalbein, (cello) stor glede over at dei endeleg kunne få gjera jobben sin igjen. Dette var deira første konsert på lang tid.
Repertoaret gjenspegla på ulikt vis vårens mange stemningar. Blant anna gjennom eit utval norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk fekk publikum servert heile kjenslespekteret; liv, død, latter, gråt og brennande kjærleik.
Laurdag ettermiddag er det Stord kulturhus som får besøk av musikalske trioen.