1. november byrjar den nye kommunalsjefen jobben i Sveio kommune.
(arkivfoto) FOTO: Susanne Lie Vallestad, arkiv

Trongt i Sveio?

Det handlar om knapp økonomi. Dei fleste har opplevd tider der det er vanskeleg å få endane til å møtast. Ein kan misse nattesøvnen når utgiftene overstig det inntektene kan bera. Slik kan det vera for ein kommune òg. Rådmannen i Sveio la denne veka fram sak om økonomisk handlingsrom til handsaming i kommunestyret. Han realitetsorienterte oss politikarar om kva økonomiske utfordringar kommunen kjem til å stå overfor komande år.

Det handlar om anten auka inntektene eller redusera kostnader. Viss ein skal redusera utgifter for å skapa betre økonomisk handlingsrom, vil også tenestetilbodet til innbyggarane bli kutta. Det ligg store investeringar framfor oss som òg vil gje auka driftskostnader. Naudsynte kutt som gjev økonomisk handlingsrom kan ramma barnehage, skule, helse og eldreomsorg. Det får konsekvensar for oss alle.

Senterpartiet vil heller fokusera på auka inntekter. Det er tid for å marknadsføre kommunen med sitt unike landskap ved sjø og land. Me kan skapa bulyst som styrker bygdene, gjev fleire ungar i  barnehage/skule og kommunen auka inntekter.

Eg tolkar rådmannen si sak denne veka som ein konsekvens av den politiske budsjettprosessen. Me kjenner til at politiske parti nasjonalt og lokalt sel sjela si for å skaffe seg politisk makt. Dei inngår samarbeid og kompromiss om saker som ligg langt frå deira opphavelege verdiar. Det kan straffa seg ved neste val.

Sveio kommune har bruk for inntekter frå eigedomsskatt for å kunne gje innbyggarane tenester på eit tilfredsstillande nivå. Inntektene har gått kraftig ned sidan innføringa i 2011. Kommunen har lågast eigedomsskatt per innbyggar av alle kommunar med eigedomsskatt på Haugalandet.
I Vindafjord er eigedomsskatten per innbyggar kr 3155,-, Karmøy kr 3330,-, Haugesund kr 3318,-, og Stord kr 2753,-.

I Sveio er skatten kr 813,- per innbyggar og blir avvikla heilt i 2023 om noverande politisk fleirtal blir avgjerande. Inntektene i 2020 vil enda på om lag 3 millionar kroner.  I 2011 var inntektene frå eigedomsskatt i Sveio kommune om lag 10,5 millionar kroner. Hadde me lagt oss på 2011-nivå for eigedomsskatt ville med ha auka handlingsrommet til Sveio med 7,5 millionar kroner. Ein kommune som ikkje treng eigedomsskatt, har det ikkje trongt.

Sveio, 23.02.2021

Arne Valen
Kommunestyrerepresentant Sp