nyhende

Stortingspolitikar Sveinung Stensland (H) påpeiker at velferdssamfunnet me lever i burde lege lågt når det gjeld ruslidingar, men Noreg ligg høgast i Europa. – Det må bety at me gjer noko feil. Sporet me har jobba i dei siste 50 åra er ikkje vellukka, seier Stensland, som for tida jobbar mykje med det nye forslaget til rusreform.
Stortingspolitikar Sveinung Stensland (H) påpeiker at velferdssamfunnet me lever i burde lege lågt når det gjeld ruslidingar, men Noreg ligg høgast i Europa. – Det må bety at me gjer noko feil. Sporet me har jobba i dei siste 50 åra er ikkje vellukka, seier Stensland, som for tida jobbar mykje med det nye forslaget til rusreform.

– Det vil vera delte meiningar – det er dette som kallast ein diskusjon

Arbeidet med forslag til ny rusreform har pågått lenge. Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H) synest det er rart at eit medlem melder seg ut når debatten startar. – Me gjer ikkje anna enn å lytta, seier politikaren.

Publisert Sist oppdatert

Sveinung Stensland (H) er med i Helse- og omsorgskomiteen. Haugesundaren er valt inn frå Rogaland fylke, og inne i sitt 8. år på Stortinget. I 2017 gjekk Høgre til val på ei rusreform, der eit føremål er at ein går frå straff til hjelp. Saka har vore debattert i partiet i fleire år.

No er det om lag to veker sidan forslag til ny rusreform blei lansert. Politikaren har diskutert saka med fleire hald, om dagen har han hyppige møte der saka blir diskutert. Seinast torsdag kveld tok han del i årsmøtet til Sveio Høgre, der forslaget blei presentert og diskutert.

Debatten startar no

– Eg gjer lite anna enn å halda på med dette, me lyttar til alle innspel, seier Stensland. Han synest utmeldinga til Torbjørn Nervik d.y. medfører ein spesiell kritikk.

– Det er no debatten startar, og Nervik melder seg ut dagen me har ope medlemsmøte for heile landet. Eg kjenner meg ikkje igjen i inntrykket som er skapt, seier Stensland, som legg til at dei aldri vil slutta å snakka med, og høyra på folk.

Delte meiningar

– Det vil vera delte meiningar – det er dette som kallast ein diskusjon, seier han. Han har fått ein del bekymringar om at forslaget til ny rusreform legg til rette for organisert narkotikakriminalitet, og at mindreårige vil rekrutterast og utnyttast av kriminelle nettverk.

– Ei slik bekymring skal me ta på alvor, seier Stensland, som gir klart uttrykk for at bruk og besittelse av narkotika framleis skal vera forbode.

Møteplikt

Når det gjeld samtale og oppfølging, kan både foreldre og unge bli ilagt møteplikt frå politiet med kommunal rådgjevningsteneste, der det blir lagt opp til særleg tett oppfølging. Eit gebyr – ikkje ei bot, kan vera ein reaksjon på manglande oppmøte.

Ikkje like inngripande

Det nye forslaget har ein del endringar i forhold til dagens praksis, men også likheitstrekk. Mellom anna skal politiet framleis avdekka bruk og innehav av narkotika, men verkemidlane for å gjera dette, er ikkje like inngripande. Narkotika vil framleis bli beslaglagt.

– Regjeringa foreslår å oppheva straffansvar for kjøp, bruk og besittelse av narkotika til eige bruk. Det vil seia at reaksjonen som gis skal vera sivilrettslig, ikke strafferettslig, forklarar Stensland.

Enkelte som jobbar med ungdom, seier dei vil mista verktøy for å komma i posisjon ovanfor dei unge, ved at ein trussel om negative konsekvensar blir borte.

Høyring i Stortinget

– Dei fryktar at ungdomane, ofte dei med størst behov, ikkje vil ta i mot hjelp frivillig. Denne bekymringa forstår eg, men på same tid har eg trua på at om trusselen om straff blir borte, kan det bidra til ein meir jamn relasjon mellom hjelparen og den unge, noko som kan ha betydning for etablering av eit tillitsforhold. Erfaringar frå oppsøkande behandlingsteam som rettar seg mot personar som i utgangspunktet ikkje er motiverte til å ta i mot hjelp, viser at ei langsiktig tilnærming der ein ikkje gir opp å komma i posisjon til eit anna menneske faktisk virkar. Denne arbeidsforma har dokumentert effekt, rusreforma legg til rette for dette, seier Stensland, som har mykje å fortelja om det nye forslaget.

16. mars vil det bli høyring om reforma i Stortinget, etter det startar den ordinære komitebehandlinga fram til endeleg avgjerd i mai.

Powered by Labrador CMS