Flatnesvegen, granulatdekke

Hausten 2020 blei det lagt asfaltgranulat på den gruslagde Flatnesvegen. Oppgraderinga har ikkje stått til forventninga til alle brukarane av vegen. Ein billist har sendt klage til kommunen over at vegen er så ujamn at det er ubehagleg å køyra på. Dessutan set granulatstøvet seg fast i billakken.
Flatnesvegen. FOTO: Kari Nilsdatter Haukås

Førarkortbeslag på Flatnesvegen

Seint laurdag kveld rykka politiet ut til Flatnesvegen etter at det var kome ei melding om eit einsleg køyretøy utfor vegen. Skadeomfang var ukjent, men det var meldt om ein person i bilen.

Føraren var ein mann i 50-åra, vedkommande blei sett til av helse på staden. Førarkort blei beslaglagt. Det er mistanke om køyring i rusa tilstand, skriv politiet på Twitter.