nyhende

norges lover
Personane som er sikta for å ha framstilt narkotika i eit bustadhus i Sveio, kan venta seg strenge straffer.

Mann sikta for alvorleg narkotikakriminalitet

Ein mann i slutten av 30-åra er varetektsfengla sikta for alvorleg narkotikalovbrot.

Publisert Sist oppdatert

Det var i mai i fjor at mannen blei pågripe på ei adresse sør i Sveio. Det var to andre personar i huset då politiet gjekk til aksjon og fann produksjonsutstyr til framstilling av narkotika.

Felt av DNA

Den sikta sin DNA er funne på ein plasthanske, som var forsøkt brent i ein pose, kor det er gjort funn av amfetamin og spor av laktose i kjellaren som knyter seg til denne framstillinga. DNA frå ein av dei medsikta er funnen på ei skei politiet knyter til framstilling og funn av narkotika.

Saka til mannen i slutten av 30-åra er nå ferdig etterforska, og hovudforhandling er beramma til 28. juni, ifølgje Haugaland tingrett. Politiet meiner store mengder amfetamin er produsert i Sveio.

Ifølgje Haugesunds Avis skal fire polakkar møta samstundes i retten, tre av dei blei pågripne i det aktuelle huset i Sveio i mai i fjor.

Powered by Labrador CMS