meiningar
Håkon sine grunnar for å behalda skulen
Mange er glade i skulen!
Auklandshamn er eit paradis der mange syklar og går til skulen. Alle elskar skulen i Auklandshamn. Det er lett å få venner og alle er snille. Det er inga mobbing, og alle trivst godt!
Skulen har mykje. Trist at alt forsvinn.
FAU har kjøpt mykje uteleikar, og no skal skulen kanskje leggjast ned. Det er kjempedårleg gjort av kommunen. Mange tusen kroner på uteleikar for ingenting. Skulen har klatrestativ, grillhus, sykkelhus, ballbinge, stor fotballbane, leikar, uteområde. Det er så dumt at dette skal skje.
Trist for alle som mistar jobben og skulen sin.
Alle lærarane mistar nok jobben, og alle elevane mistar skulen sin. Kommunen bryr seg vel ikkje, men alle elevane og alle lærarane føler ei trist sorg over jobben og skulen sin.
Tilvenning på nye skular.
Det er mange som kan vere nervøse og redde for å begynne på ny skule. Mange kan vere redde for å bli mobba og ledd av. Derfor er det viktig å behalde Auklandshamn skule. Det er trist for elevar å skiljast på andre skular viss skulen forsvinn.
Håkon Kyvik, 11 år
6. klasse på Auklandshamn skule