nyhende
Tilsette er skeptiske til opning av skulen i morgon
Verneombodet for tilsette på ungdomsskulen og barnetrinnet har i løpet av dagen i dag blitt kontakta av veldig mange. – Dei er skeptiske til det som er bestemt med hensyn til opning av skulen i morgon, og det har eg stor forståing for, seier Ole Johan Sveen.
I løpet av dagen har Sveen også vore i kontakt med kriseleiinga, og formidla tankane som dei tilsette har.
– Håpet er at dei skal ombestemma seg. Om elevane dukkar opp i morgon, er moglegheita stor for at nokon alt er smitta, seier Sveen.
Hanna-Maria Råtts er verneombod for barnetrinnet.
– Det er like stort press her, seier ho.
Kan spreiast raskt
Med stort og smått er det rundt 600 menneske på Sveio skule. Det vil seia at dei tilsette, spesielt, har eit stort tal nærkontaktar dagleg. Då kan ei eventuell smitte spreia seg raskt.
Gjennom fagforeiningar og verneombod har lærarar gitt tydelege tilbakemeldingar til kriseleiinga om at dei ikkje synest dette er greit.
Tilrettelagt opplegg
– Svaret me får, er at dei skal ta våre innspel med seg i vurderingane. Me vil heller vera føre var, seier han.
Når det gjeld dei som treng ekstraoppfølging er det laga eit opplegg, som sikrar at dei vil bli ivaretatt.
– Resten bør kunne ha heimeundervisning fram til påske.
Vestavind har retta spørsmål til kriseleiinga i Sveio kommune.