Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Vil setja opp minnestein over sju barn som drukna
Arne Aage Valen og Martin Haugsgjerd har starta innsamlingsaksjon med det formål å få setja opp ein minnestein over dei sju borna som drukna i Storavatnet på Mjånes i 1870.
Det var under arbeidet med registrering av gamle gravminner at Arne Aage Valen og Martin Haugsgjerd kom på ideen om å starta ein Spleis for å få på plass eit verdig gravminne etter dei sju som drukna på Mjånes for meir enn 150 år sidan. Borna ligg i fellesgrav nær søreveggen ved Valen kapell.
– Så vidt me veit har det aldri vore nokon stein på denne grava før. Me vonar at råd, lag, organisasjonar og ikkje minst private vil støtta opp om tiltaket, seier Arne Aage Valen.
Minnestein og benk
Ifølgje initiativtakarane har kyrkjekontoret godkjent planane, og er også positive til ein benk i tilknytning til minnesteinen.
– Er det nokon som har ein steinbenk til dette formålet ville me vore svært takksame, seier Valen.
Alle innsamla midlar går til minnestein over dei sju borna. Spleisinnsamlinga skjer digitalt via SpareBank1. Tysdag føremiddag hadde 20 givarar bidratt til ein innsamla sum av 6 150 kroner. Målet er å samla inn 15 000 kroner.
Borna som omkom i ulukka var:
- Johanna-Jørgine Nilsen Mjånes, 15 år
- Nils Nilsen Mjånes, 12 år
- Anna Nilsen Mjånes, 9 år
- Brita Danielsen Mjånes, 12 år
- Andreas Danielsen Mjånes, 9 år
- Anna Reinertsen Mjånes, 11 år
- Anna-Pernille Hansen Øklandsnes, 12 år
Dei tre førstnemnde, Johanna-Jørgine, Nils og Anna var søsken, born av Synneva og Nils Mjånes. Dei var husmannsfolk på plasset Treshaugen under bruk nr. 1.
Dei to neste, Brita og Andreas, var også søsken. Foreldra deira var Gunvor og Daniel Mjånes, husmannsfolk på plasset Fuglehaugen under bruk nr. 2.
Den sjette omkomne, Anna, var dotter til Mari og Reinert Mjånes, eigarar av bruk nr. 2 på Mjånes. Mari og Reinert var også foreldre til ni år gamle Peder, som overlevde.
Den sjuande omkomne, Anna-Pernille, var dotter til Helga og Hans Øklandsnes
Kom for seint
Den andre overlevande, Martin, var son til Gunhild og Anfin Mjånes, eigarar av bruk nr. 1 på Mjånes.
16 år gamle Ola Olsen Økland, son til Sissela og Ola Økland, eigarar av bruk nr. 4 på Økland, overlevde fordi han kom for seint til avtalen.