Varierte terreng-typar kan opplevast under årets tur-o-sesong. Her er Olaug Fagerland og Karl Inge Instefjord i ferd med å få på plass årets tur-o-postar i Ryvarden-marka.
Varierte terreng-typar kan opplevast under årets tur-o-sesong. Her er Olaug Fagerland og Karl Inge Instefjord i ferd med å få på plass årets tur-o-postar i Ryvarden-marka. FOTO: Thomas Førde

Alt klart for påske-o-tur i skog og mark

Første komande helg blir det sesongopning for årets turorientering i mange delar av kommunen. Sveio O-lag har gjennom fleire månader førebudd sesongen. 100 postar er sett ut i skog og mark frå nord til sør.

Tur-område mellom Vikse og Straumen er aldri blitt nytta til turorientering tidlegare. Her er ligg nå 15 postar klar for besøk. Dette terrenget er av lokale eldsjeler tilrettelagt på ein glimrande måte med merka stiar, bruer, gjerdeklyvarar og fleire kulturminneoppslag. Nå kan desse flotte turløypene opplevast samtidig som du kan finna tur-o-postar undervegs.

I nord mellom Vihovda ved E39 og Staupe ved Ålfjorden ligg eit spennande og grovkupert terreng som heller aldri er blitt brukt til turorientering. Nå kan du utfordra deg sjølv med å leita etter postar på høge fjell og i djupe dalar. Andre tur-o-postar denne sesongen ligg rundt Lierfjell ved Førde, nær turvegen mellom Mølstrevåg og Ryvarden fyr og mellom Vandaskog og Eltravåg.

For dei som vil vitja den nye dagsturhytta, Nipaståvo, kan du kjøpa med deg eit tur-o-kart og finna 15 postar langs stien mot hytta.

Nokre av årets postar kjem forsøksvis til å bli utsyrte med QR-kodar som gjer det mogeleg å registrera ditt besøk på posten via mobiltelefon. Ein ny app gjer det dessutan mogeleg å lasta ned kartet på eigen mobiltelefon.

Også dette året tilbyr Sveio O-lag ei særskilt pakke som me kallar Nærtrim/Barnas Tur-o med fire kart og til saman 20 postar som alle ligg i lett terreng med tydelege stiar nær postane.

Thomas Førde