meiningar

Sveio Høgre fortel at valprogrammet blei forma av listekandidatane. Her frå valkampopninga i 2019, med Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre (t.v.) og dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen med valprogrammet i hendene.
Sveio Høgre fortel at valprogrammet blei forma av listekandidatane. Her frå valkampopninga i 2019, med Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre (t.v.) og dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen med valprogrammet i hendene.

«Ingen hadde på denne tida ytra reservasjonar frå programmet som låg føre»

På bakgrunn av lesarinnlegget til tidlegare Høgre-medlemmer Ole Johan Sveen og Stian Nygård, ynskjer Sveio Høgre å svara på nokre av synspunkta som kjem fram i innlegget.

Vårt valprogram blei til gjennom ein lang og god prosess som var positiv og lærerik der samtlege listekandidatar fekk bidra. Det heile vart avslutta ved at ein vedtok programmet i eit ope medlemsmøte. Ingen hadde på denne tida ytra reservasjonar frå programmet som låg føre, og me er difor forundra over at Sveen og Nygård no viser til at det var ei kjend og avklart sak at dei hadde reservert seg frå dette punktet.

Sveio Høgre har sidan godkjenning av programmet vore samde om å behalda skulestrukturen slik den er i dag. Dette var ei viktig sak som me gjekk til val på, og er difor ei sak me ynskjer å vere tydelege i. Høgre sine velgjerar skal vere sikre på at me held det me lovar. Me ynskjer å behalda skulestrukturen som han er, og bidra til aktivitet i heile kommunen.

André Mundal Haukås
Leiar i Sveio Høgre

Powered by Labrador CMS