Svein Arne Theodorsen,
Prost i Sunnhordland.
Svein Arne Theodorsen, Prost i Sunnhordland.

Ei ny annleis påske

Påska vert annleis i år og. Koronapandemien legg framleis eit mørke over oss. Eg hadde håp om å feira gudstenester i påska med fysisk fellesskap i kyrkjene våre. Slik vart det ikkje. Smittesituasjonen førte til ny nedstenging. Vaksineringa er i gang, men er ikkje komen tilstrekkeleg langt til å opne opp for meir fellesskap.

Eg fylgjer med på utviklinga i verdssamfunnet, i landet vårt og her hos oss. Eg bed for dei sjuke, for dei som står dei nær og for helsepersonell som er der for dei. Eg fylgjer med på situasjonen i kommunane og for næringslivet, eg bed for dei som er råka av krisa.

Ei ny annleis påskefeiring

Midt i krevjande tider kjem påska. Det er tid for ei annleis påskefeiring, i år og. Påskehøgtida er ikkje avlyst, i kyrkjene – og i Sunnhordland – finn vi andre måtar å feira påske på.

  • Takk til NRK som sender påskegudstenester og andre program som omhandlar tema relatert til påske.
  • Takk til aviser og andre medium som gjev plass til påskestoff.
  • Takk til medarbeidarar i kyrkja i Sunnhordland som finn nye vegar for å nå ut med påskebodskapen og inviterer til eit annleis fellesskap. Gudstenester og andre arrangement vert tilgjengelege digitalt. Og i år kan du høyre høgtidsringing påskeaftan og påskedag. Fleire kyrkjer er opne for besøk, men ingen opne arrangement.

Påske i heimen

Kona mi er god til å pynte til påske i heimen. Det er fint å markera høgtida slik. Mange har og tradisjonar med mat og drikke, eg tenkjer at det er fint å halda på dette sjølv om vi ikkje kan vera så mange i lag.

Karsten Isaksen har sagt: «Påsken er hele livet på en uke.» Eg vil gjerne oppmode til å lesa bibeltekstar knytt til dei ulike dagane i påska, og gjerne finna fram påskesalmar og songar og bed Herrens bøna. Eg nemner:

  • skjærtorsdag: Lukas 22, 14 – 23
  • langfredag: Lukas 22, 39 – 23,46
  • påskedag: Matteus 28, 1 – 10
  • 2. påskedag: Lukas 24, 36 – 45   

Påske med Ole Paus

I påskeutgåva av Krigsropet, bladet til Frelsesarmeen, las eg eit intervju med Ole Paus som eg gjerne vil anbefala. Kjøp gjerne bladet.

Paus seier om påska: «Hele historien om påsken er utrolig vakker og utrolig vond. Det er mye man kan relatere til. Alle mennesker føler en eller annen gang i livet en ensomhet som ikke er til å bære. Jeg synes Jesus og det som skjer med ham, hele veien hans dit … Jeg liker å tro at det er en historie om håp.»

I intervjuet utdjupar Paus dette, han seier m.a.: «Jeg skjønner at jula er høytiden, for den er blitt så vellykket kommersielt. Det er så mange som kan ha glede av den. Og det er fint. Man skal ta vare på slike ting. Men påsken – det er et helt annet alvor i den. Jeg skulle ønske vi kunne være flinkere til å veve de to høytidene sammen, for det er jo fronten og ryggen av samme legeme, egentlig. Og så synes jeg historien er veldig fin. Det jeg liker så godt, er at Vårherre gir oss en ubetinget tillit. Han tror på oss, nok til at han sender sønnen sin hit. Påsken favner et stort spekter av et menneskes liv. Det er historien om mot, tilgivelse, tillit og tro, men også redsel, sorg, svik og skuffelse.

God påske

I kyrkja er påskedagen den store gledefesten. Det er påskedagen som gjer den store forskjellen. «Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar» les vi i Fyrste Korintarbrev kapittel 15.

Men Paulus held fram og slår fast med jubel og glede: «Men no er Kristus oppstaden frå dei døde». Dette ligg til grunn for at vi påskemorgon ynskjer kvarandre «God påske» eller «Gledeleg påske» – og i krevjande tider.

Med ynskje om ei velsigna påskehøgtid!
Svein Arne Theodorsen