Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Frå hestelort til bileksos
Saka var på trykk første gong i Vestavind 27. november 2008.
Når ein blir såpass gamal som meg, har ein opplevd forskjellig. Frå eg som fem-seksåring sprang berrføtt utan bekymringar for framtida, til i dag, har verda forandra seg mykje. Ikkje alt til det betre. Men verda går trass alt framover. Eg vil fortelja litt om forandringane og utviklinga frå 1930-åra fram til i dag.
Då eg byrja på skulen i 1933 var det berre ein bil på Kvalvåg. Rosenberg som dreiv handel
i huset der eg bur, hadde ein Chevrolet kalesjebil. Doningen blei brukt til å henta varer med i Haugesund, pluss ein og annan drosjeturen.
Som liten fekk eg nokre gonger vera med til byen for å opna grinder etter vegen. Berre frå Kvalvåg til Lid var det fem. Me ungane syntes det var stas å få kjøra seg. I slutten av 30-åra kom det ein bil til på Kvalvåg; ein T-Ford med kalesja. Eigar var Helge Kvalvåg.
Forden blei rekvirert av tyskarane under krigen. Kva dei kunne bruka bilen til har eg ofte lurt på, det var ikkje akkurat noko panserkøyretøy til å bruka på austfronten.
Tyskarane rekvirerte også hestar. Bøndene måtte møta på Sveio med hestane, og tyskarane valde ut dei beste. Dei hadde god greie på hest, men behandla dei ikkje alltid like pent. Hestane blei sende til austfronten til å dra kanoner. Etter krigen var det norske hestar i Polen som tyskarane hadde rømt i frå, blei det fortald.
… han steig ut or tøflane, og når han kom til Haugesund var han utan skor
No var ikkje bilen til Rosenberg den første bilen på Kvalvåg. Alt i 1926-1927 hadde Alfred Bårdsen bil. Han dreiv forretning i huset der eg bur. Bilmerket var Indian. Fabrikken lagar ikkje bilar lenger, men motorsyklar. Det var før mi tid, men har det etter mine foreldre som kom hit i 1927. Dei fortalde at Bårdsen hadde det alltid travelt. Slik at når han skulle til Haugesund etter varer, hende det at han steig ut or tøflane, og når han kom til Haugesund var han utan skor. Han køyrde bror min til dåpen i 1927, og han skal vera det første barnet som blei køyrd med bil til Sveio kyrkje for å bli døypt. Om det var fleire bilar i Sveio på den tida veit eg ikkje.
Tilbake til 30-åra. Det var to bilar på Våga. Anne Våga hadde bil, og det var ikkje mange damer som hadde sertifikat på den tida. Det var også ein mann som hadde ein T-Ford, men eg hugsar ikkje namnet. På Bjelland var det ein T-Ford. Eigar var Torbjørn Bjelland.
Den første rutebilen eg kan hugsa var stasjonert på Tjernagel. Sjåføren heitte Frøyland. Han starta ruta på Tjernagel og kjørte nedom Våga og Kvalvåg og henta meierispann og folk. Og same ruta tilbake om kvelden. Sjåføren blei mykje brukt som ærendsgut. Fok bad han gå ærend for seg i byen, blant anna på apoteket eller kjøpa onglar eller sytråd. Frøyland hadde ord på seg for alltid å svara ja.
Me hadde 25 øre for eit bod til Apeland
Ein annan ting som har forandra seg er telefonbruken. I dag har alle telefon i huset. Utanom har mest alle ein telefon i lomma frå dei har lært å snakka, til dei sluttar å snakka. Men den utviklinga innan telefonen kom ikkje før i 50-åra. Før krigen var det langt mellom telefonane. Det var ein på Leirvik, ein på Kvalvåg, to på Våga, ein på Lid, og ein på Bjelland. Den som var på Kvalvåg var stasjonert i huset eg bur i. Det var ei trekasse med ein sveiv på sida og taletuen på toppen.
Me som hadde telefonen var pliktig til å gå med bod og henta folk viss dei måtte koma i telefonen. Eg sprang mange turar til Apeland og Dyngen når eg var skulegut. Me hadde 25 øre for eit bod til Apeland.
Helsevesenet var heller ikkje som i dag. Det var ein doktor i Sveio, doktor Kristensen. Han budde i Førde, og skulle dekka heile Sveio frå Tittelsnes i nord til Søre Våge. Utanom hadde han ein dag på Bømlo og ein dag i Vikevik i veka. Kontortida var heile døgnet viss ein var heldig å treffa han heime.
Skyssen var oftast hest og kjerre, og kane viss det var snø. Det var ikkje alle turane på sjukebesøk som var like hyggeleg, går eg ut frå. Og eit sjukebesøk kunne ta heile dagen, og oftast lite han kunne gjera. Det var dårleg med medisinar, samanlikna med i dag.
I dag er det medisinar for alt. Antibiotika var ikkje oppfunne, og til dømes lungebetennelse eller blodforgifting i ein finger, fekk ofte dødeleg utfall.
Medisinen den gongen var kamferdropar, nafta, jod og globoid. Det skulle liksom hjelpa for alt.
Andre frå helsevesenet, utanom doktor Kristensen frå den tida, hugsar eg berre ei; det var ho me kalla søster Sønev. Ho budde på Sundfør og gjekk gjennom utmarka fram til Sveio. Ho hjelpte til ved alvorleg sjukdomar og vaksinerte oss ungane for koppar. Sundfør-dama var ein vandrande engel, og godt likt av dei som måtte ha hjelp. Men kva tilsetjing eller avtale ho hadde til Sveio, det veit eg ikkje.
Olav Bøe
(1925-2009)