Førde barnehage 2015. Illustrasjonsfoto.
Førde barnehage 2015. Illustrasjonsfoto. FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Gult nivå i barnehagar og skular frå måndag

Frå neste veke går både skular og barnehagar i Sveio over til å drifta på gult nivå. Barnehagane har vore på raudt nivå sidan fredag 19. mars, og skulane sidan onsdag 7. april.

Det er kommuneleiinga som i samråd med kommuneoverlegen, har vurdert smittesituasjonen i Sveio og på Haugalandet. Det har blitt konkludert med at det er forsvarleg at skulane og barnehagane går over på gult tiltaksnivå frå og med måndag 19. april, opplyser Sveio kommune.

Gult nivå går mellom anna ut på:

  • Ingen sjuke skal møta på skulen/i barnehagen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt (handhelsing og klemmar) mellom personar (i barnehagar gjeld dette berre mellom tilsette)
  • Heile skuleklassar/barnehageavdelingar reknast som ein kohort
  • Unngå trengsel og store samlingar

I tillegg er det nokre tiltak som gjeld konkret for anten barneskular, ungdomsskular eller barnehagar.