nyhende

Greiner ligg enda i vegkanten etter at Sveio kommune rydda sikt i fjor.
Greiner ligg enda i vegkanten etter at Sveio kommune rydda sikt i fjor.

Enda ligg det greiner i grøfta

Publisert Sist oppdatert

I september i fjor påpeikte ein lesar at det ligg nedkutta tre og greiner langs vegane i Auklandshamn. Vedkommande stilte spørsmål ved om det ikkje skulle ryddast opp. John Anders Semb, oppsynsmann for veg i Sveio kommune forklarte at det med tida skal ryddast, og at dette var eit resultat av at grunneigarar som ikkje klipper ned tre og greiner som stikk ut i vegen. Status i dag, er at det enda ligg vegetasjon i vegkantane. Det er ikkje gløymd, men tida strekk ikkje til. Og førsteprioritet på dette feltet, er framleis å få rydda sikt, ikkje rydda opp.

– Me er berre to mann, me må ta det når me er i området, seier Semb.

Powered by Labrador CMS