næringsliv

Ein del potensielle medlemmer som slit med motivasjon, eller er skeptiske i forhold til korona uteblir nok i denne tida, men Ingunn Skåden trur at også dei vil komma til treningssenteret på eit tidspunkt – kanskje over sommaren.
Ein del potensielle medlemmer som slit med motivasjon, eller er skeptiske i forhold til korona uteblir nok i denne tida, men Ingunn Skåden trur at også dei vil komma til treningssenteret på eit tidspunkt – kanskje over sommaren.

Glad for at medlemmene framleis er med

Det har vore mindre sveitte og slit på Albatross Fitness det siste året, det betyr også færre inntekter og tøffare tider. Ingunn Skåden er likevel positiv med tanke på framtida.

Publisert Sist oppdatert

Treningsglade sveibuar har hatt tilbodet ved golfbana i om lag 14 år, og med åra har drifta gått betre og betre. 2019 var i følgje innehavaren eit veldig bra år, når rekneskapen var gjort opp. Oppsummert har det siste året vore roleg, og prega av mindre aktivitet – og naturleg nok færre inntekter.

Første søknad

Dei siste 13 månadane har senteret blitt pålagt å halda stengt i fire heile månadar. Medlemmene har ikkje forsvunne, men selskapet blei til dømes fråteke moglegheita til å halda PT-timar, gruppetreningar og treningskurs for fotball og andre idrettar.

– Inntekter ein kunne hatt, kan ikkje medreknast når ein søkjer støtte – ein må ha eit tap å visa til, seier Skåden.

Støtta frå regjeringa som Sveio kommune har fått dela ut, er første, og kanskje einaste moglegheita treningssenteret får til å søkja kompensasjon.

Håpte på meir

– Potten i Sveio var ikkje så stor, og det me fekk var betre enn ingenting, seier ei litt skuffa Skåden, som hadde håpa på meir enn 30 000 kroner.

Sprit, tørkepapir og ekstra reinhald er nye postar i budsjettet som viser godt igjen.

– Det er tungt i denne marknaden, men bedriften har bestått i mange år, det er ikkje fare for at me legg ned – så lenge me ikkje må stenga ned igjen i lange periodar, seier Skåden.

Ser lyst på framtida

Likt med mange andre næringar, er det tøffe tider no, Skåden trur det vil ta ei stund å byggja seg opp igjen. Senteret var heilt stengt tre månadar i fjor, og likeeins ein månad i år.

– Medlemmene kjem nok tilbake på eit tidspunkt. Eg håpar at det blir ein stor oppgang til hausten igjen, når folk er vaksinerte og finn motivasjon. Det tar nok ei stund før alt er oppe og går igjen som det var, trur Skåden, som no har ope som vanleg – med strengt regime på vask og reinhald.

Powered by Labrador CMS