nyhende
Vigdartun evakuert etter brann i søppelbøtte
Brannvesenet rykka måndag ut til Vigdartun etter melding om brann i søppelbøtte. Politiet fekk melding om brannen klokka 11.25.
Brannmeister i Sveio, Jarle Erdalsdal, som også er lærar på Sveio skule, hadde matpause og opphaldt seg i skulebygget ved sida av, då han blei tipsa om brannen. Kjapt sprang han over til Vigdartun og forsøkte å sløkkja.
Stor røykutvikling
– Då eg kom på plassen brann det heftig i ei søppelbøtte inne på eit av toaletta. Eg forsøkte å sløkkja, men måtte trekkja meg vekk då bossbøtta stod i lys lue og det var stor røykutvikling, fortel Erdalsdal som fann det naudsynt å kontakta 110-sentralen.
Røykdykkarar frå Sveio brann og redningsvesen kom raskt på plassen og fekk sløkkja. Mykje røyk inne i bygget gjorde at elevane fekk fri resten av dagen.
I følgje Sveio kommune er det sannsynleg at brannen var påsett, men dette blir undersøkt.