Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
meiningar
Senterpartiet i vinden
Senterpartiet gjer det godt i heile landet i supermålinga Norstat har gjort for NRK i perioden 7.-20. april. 11 413 personar har svara på kva parti dei vil stemma på ved Stortingsvalet i år.
Senterpartiet får 17,1 prosent i målinga. Det er 6,8 prosentpoeng høgare enn for 2017-valet som var eit av dei beste vala i partiets historie. Om dette blir resultatet etter valet i haust, vil Senterpartiet få 14 fleire mandat på Stortinget enn i dag.
Sveio Senterparti kjenner medvinden i ryggen også lokalt. Partiet ser eit tilsig av nye medlemmar og har no 55 medlemmar. Det er plass til fleire. Senterpartiet er nær folk og vil byggja samfunnet nedanfrå. I saker som handlar om oppvekst, skular, bygdeutvikling, helse og omsorg finn fleire og fleire Senterpartiet som sitt parti.
I politisk arbeid treng ein gode tillitsvalde som vil jobba for ein god samfunnsutvikling. Senterpartiet har 5 av 25 kommunestyrerepresentantar i Sveio i denne valperioden. Gjennom samarbeid med andre parti arbeider ein for å få gjennomslag for god senterpartipolitikk.
Årsmøtet til Sveio Senterparti blei halde digitalt 14. april i år. Stortingskandidat Hans Inge Myrvold frå Hordaland var gjestetalar på årsmøtet. Som 3. representant for Senterpartiet i Hordaland vil Myrvold vera med og utvikla gode lokalsamfunn med tydeleg politikk for folket i saman med folk. Hans Inge Myrvold ønsker å vera ei sterk senterpartirøyst for Sunnhordland. No er Myrvold ordførar i Kvinnherad kommune.
Det nye styret for Sveio Senterparti for 2021 består av
Kristian Eilerås, leiar
Brit Oddrun Stuve, nestleiar
Arne Valen, sekretær
Vidar Høyland, kasserar
Kjartan Eidsvåg, studieleiar
Monica V. Valen, gruppeleiar kommunestyret
Maria Nesse, 1. varamedlem
Jofrid Valen, 2. varamedlem
Styret er rigga til å fronta Senterpartiet sin politikk i valkampen saman med medlemmar og sympatisørar. Den medvinden me er inne i skal ikkje løya.
Sveio, 26. april 2021
Arne Valen
Sekretær
Sveio Senterparti.