nyhende
Kommunalt vatn frå Våga til Flatnes
Ifølgje Folkehelseinstituttet, er over 90 prosent av befolkninga i Sveio kopla på vassverket. Om nokre veker vil ein god del grunneigarar langs Ålfjorden få høve til å få kommunalt vatn, fortrinnsvis fritidseigedomar.
Opphavleg var det vurdert å la vassleidningen følgja fylkesvegen frå Våga, og deretter langs den kommunale vegen til Flatnes. Denne kostnaden var estimert til ein stad mellom 7 og 9 millionar kroner. Tiltaket har vore inkludert i hovudplan for vassforsyning 2012-2023.
– Det er ikkje gode forhold for brønnar her, og med hyttebygging i små eller større felt, slik det blir planlagt, er det ein føresetnad grunna folkehelse og dekning for brannvesenet at det blir etablert gode forhold for drikkevatn og sløkkevatn, står det i saka politikarane har behandla.
Ikkje til vegen enda
– Til vanleg er det ein fordel å leggja den på land ved sidan av vegen, men kostnadane viste seg å vera for høge til at Sveio kommune kunne gjennomføra dette. Kostnadane ved å leggja ein leidning i sjø er mykje lågare, slik at det kan gjennomførast, seier Frederik Aalo Flood, einingsleiar drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune.
I etterkant har det kome fram ein idé om å føra ein kommunal leidning i sjø frå Våga og over til ein sentral fordelingskum i sjøkanten på Flatnes. For å komma opp til den kommunale vegen, vil det kosta ytterlegare 600 000 kroner. Det er ikkje umogleg at kommunen kjem til å gjera dette på eit tidspunkt, men deira engasjement blir i denne omgang avslutta med samlekummen ved sjøen.
– Det kan gjerast av private dersom det skal gjerast, seier Flood.
Folkehelse
Vassverket er ei sjølvfinansierande teneste, der kostnadar og utgifter skal gå i null.
– Prosjektet kan forsvarast frå ein økonomisk ståstad rekna over lang tid, basert på at kommunen kan få inn rundt 800 000 kroner i tilkoplingsavgift, og at abonnentane betaler årsavgift, seier Flood.
Som abonnent er ein med på å dekka generelle kostnadar kommunen har med produksjon og leveranse av vatn.
Rådmann Jostein Førre, har vurdert saka, og meiner at prosjektet vil koma greitt ut økonomisk på sikt. Han seier mellom anna at det er viktig å auka tal abonnentar, slik at det økonomiske grunnlaget for vassverket kan sikrast på lang sikt.
– Det er også ofte andre tilhøve enn dei reint økonomiske som gjer at kommunen vel å utvida det kommunale nettet. Døme på andre gode grunnar er folkehelse, service til innbyggjarane, brannvatndekking, moglegheiter for frådeling og bygging på nye tomter, skriv Førre.