nyhende

vifte vigdartun brann
Som følgje av røykutvikling på Vigdartun, fekk elevane fri resten av dagen då det tok fyr i ei søppelbøtte for éi veke sidan.

Vurderer om fleire skal avhøyrast

Publisert Sist oppdatert

Det er éi veke sidan det tok fyr i ei søppelbøtte i skuletida på Vigdartun. Brannen blei raskt sløkt, men to tilsette blei sendt til sjukehus, ungdomsskuletrinnet fekk fri resten av dagen grunna røyk i lokala.

Politiet oppretta sak på forholdet, men dei har ikkje kome noko vidare i etterforskinga. Dei to gutane som vitne hadde observert like før brannen blei oppdaga, er sjekka ut av saka.

– Det blir vurdert om fleire ungdomar skal inn til avhøyr. Om nokon veit noko, kan dei ta kontakt med rektor, seier Bjørn Inge Espeland, mellombels politikontakt for Sveio.

Powered by Labrador CMS