nyhende
Opprør for framtida til matprodusentane
Bøndene bruker liva sine på å laga maten vår, men utgiftene aukar, og inntektene har stått i ro lenge. Dei kjenner seg som økonomiske taparar, fordi dei ønskjer å produsera sunn og bærekraftig, norsk mat.
Utanfor Sveio smalesamdrift ved Paddevegen har tre bønder ein diskusjon om dagens situasjon og framtida. Bøndene Frode Handeland, Åshild Øritsland Våge og Jon Bergmål har vidt forskjellige arbeidskvardagar, men dei har fleire ting til felles. Mellom anna at dei har ei tidkrevjande jobb på gard, der timeløna er låg.
– Bønden krevjer tre ting. Det er inntektsløft, investeringspakke for nybygg og få minska gapet mellom andre yrkesgrupper. Me håpte det magre kravet ville gå gjennom lett, men regjeringa leverte ikkje på nokon punkt, seier Jon Bergmål, leiar i Sveio bondelag.
Idealisme
Dei lokale matprodusentane er skuffa over tilbodet jordbruksoppgjeret, men dei meiner at det ikkje er dei sjølve som er i fokus, men forbrukarane som fortener norsk mat på bordet dagleg.
– Eg meiner det er ei plikt at me skal produsera mat til eigen befolking. Dei fleste bønder er idealistar som verkeleg har lyst til dette, men ein kan ikkje basera norsk matproduksjon på idealisme. Det er misnøye no, for det var forventa eit skikkeleg oppgjer, det ville gitt tru på framtida seier Handeland.
Kroner vs. prosent
Det elendige tilbodet frå regjeringa har skapt eit opprør blant bønder i landet, for måten ein bereknar inntekta til bøndene på er litt av utgangspunktet til forhandlingane. For å tetta igjen inntektsgapet vil staten gi bøndene ei inntektsauke i prosent, men det hjelper lite når timeløna frå før av er låg, samanlikna med andre grupper.
– Det blir sagt at me får eit godt oppgjer som gir eit løft, men det er å snu på samanhengen. Det trengst ein ny hovudveg for landbruket, seier Våge, som ønskjer ein skikkeleg gjennomgang av grunnlaget, ein gong for alle.
Verdidiskusjon
– Bondeopprøret kjem som følgje av misnøye over lengre tid. I hovudsak handlar det om ein verdidiskusjon som ein bør ta på politisk nivå no – skal Noreg ha matproduksjon eller ikkje, seier Våge.
– Det er ei styrt avvikling av norsk landbruk, seier Bergmål.
For det blir stadig lengre mellom kollegaene. Handeland, som er leiar for Haugaland produsentlag, fortel at det kvart tiande år dei siste åra har vore ei halvering av mjølkeprodusentar i Sveio.
Halvering kvart 10. år
– I 2001 var det 45 hentepunkt, medan det i 2011 var redusert til 20, og i år er det ti leverandørar av mjølk i Sveio. Det er ein dramatisk nedgong i tal mjølkebruk, fortel Handeland. Mange arbeidstimar og lite lønsamheit får mange til å finna seg anna arbeid.
Bøndene investerer og rettar produksjonen etter staten sine ønskje og krav, men det verkar ikkje å vera tilfredsstillande uansett.
– Bøndene er flinke til å rasjonalisera og driva effektivt, men gevinsten me får er eit dårlegare oppgjer, seier Handeland.
– Når alt anna går opp i pris, blir det ikkje inntekt igjen, supplerer Bergmål.
Kjenner på ansvar
Mange gardar har lange tradisjonar, og helst skal ein levera frå seg garden til neste generasjon i litt betre stand enn den var. Dagens krav stiller enorme krav til investeringar – på eigen risiko.
På Tveita er Jon Bergmål fjerde generasjon gardbrukar. Han har dei siste fem åra vore avløysar på garden med mjølkekyr og vinterfôra sau.
– Eg kjenner på eit ansvar for å vidareføra det faren og bestefar min har bygd opp, slik at eg kan ha det som livsgrunnlag – og vidareføra næringa til neste generasjon, seier 30-åringen.
Styrt nedlegging
Han er i tenkeboksen. Framtida til bonden, og dei siste åra med oppgjer har ikkje vore oppløftande.
Planen er at han skal ta over om 1-2 år. Driftsbygningen med 23 kyr på bås er 60 år, og er fullt utnytta. Eit nybygg er heilt nødvendig for å møta nye krav. Spørsmålet er om Bergmål ønskjer å investera minst fem millionar og binda seg til over 3000 arbeidstimar årleg på «livstid», og risikera personleg økonomi, hus og heim, når signala frå regjeringa er som dei er.
Anbefalar ikkje å bli bonde
Våge gler seg over at døtrene hennar no har begynt å visa interesse for sau, men med dagens situasjon, klarer ho ikkje å sjå noko framtid i matproduksjon.
– Dei seier dei vil bli bønder. Då svarar eg «nei, de må bli noko anna, så kan de vera bønder ved sidan av». Dagens bønder driv på dugnad, kva då med neste generasjon, spør Våge, og ristar oppgitt på hovudet.
Det er ingenting ho heller vil sjølv enn å driva med sau på fulltid, men slik vilkåra for ein sauebonde er i dag, går det ikkje. Attåtnæring må til, og då går vinninga fort opp i spinninga.