nyhende

Skal snart studera, men har tankar om kor ho vil bu:

Sveiojenta Benedikte Dale er glad i heimkommunen sin, ho vonar å kunna bli buande i Sveio, både under og etter fullført utdanning.
Sveiojenta Benedikte Dale er glad i heimkommunen sin, ho vonar å kunna bli buande i Sveio, både under og etter fullført utdanning.

Heimbygda lokkar

Benedikte Dale (19) likar å utforska og oppleva ting, men viktigast i livet hennar akkurat no er å få seg ei utdanning.

Publisert Sist oppdatert

Sang og musikk har vore ein stor del av livet til 19-åringen som har sunge i kor sidan ho var lita jente. I år er ho russ, og har lagt bak seg tre år på musikklinja på Skeisvang. Det er tid for viktige val om vegen vidare.

Endrar på planane

– Tida på Skeisvang har vore både kjekk og lærerik, fortel Benedikte Dale som ei tid vurderte å satsa på vidare musikkstudiar, men har delvis slått det frå seg.

– Eg veit at nålauget for å koma gjennom som songar er svært trangt, det er vanskeleg å koma opp på same nivå som dei beste utøvarane. Pandemien med nedstenging og strenge restriksjonar har også gjort det utfordrande å vera utøvande songar. Dette har innverka på valet mitt, slik at eg no sterkt vurderer å satsa på helsefag.

Sveibuen fortel at helse og omsorg har lege litt i korta tidlegare også, men etter ungdomskulen valde ho musikklinja fordi ho hadde lyst og fordi det kjentes trygt sidan det gir same muligheitene med generell studiekompetanse.

Pengane rekk litt lenger

– Eg har lyst å studera sjukepleie, anten i Haugesund eller på Stord. Då kan eg fortsatt bu heime, det er praktisk, og i tillegg sparar eg ein del utgifter, fortel sveibuen som har sikra seg sommarjobb på Udland omsorgssenter.

Etter fullført utdanning håpar ho å få jobb i heimkommunen, gjerne på Sveio omsorgssenter.

–Eg trivest så godt her i Sveio at eg har lyst å bu her i framtida også. Her er eg oppvaksen og her har lyst å bu også i framtida, seier Dale som er oppvaksen på Fjellstad, nær Sveio sentrum.

– Kva er viktig for deg når det gjeld fritida?

– Eg synes det er fint at me har mange sosiale møteplassar i Sveio. For meg som har vore aktiv i songkor frå eg var liten, har kyrkja vore ein viktig del av livet mitt. Når det gjeld varehandel, treng me ikkje noko stort shoppingsenter, men litt variasjon og utval i butikkar må me ha, slik at ein ikkje treng å reisa til byen for å få tak i alt.

Verdibrev

19-åringen håpar å løysa inn verdibrevet frå Sveio kommune som ho fekk då ho gjekk ut av 10. klasse. Alle avgangselevane får slike bevis, som dei kan få utbetalt frå kommunen når dei kan visa til skøyte eller ferdigattest på hus, samt det originale verdibeviset. Gåva er skattefri og blir indeksregulert kvart femte år. Per dags dato er verdien 28.700 kroner. Hensikta med denne ordninga, er å få ungdomane til å busetja seg i kommunen.

Ifølgje Bodil Waage, leiar Servicekontoret i Sveio kommune har 89 sveibuar dei siste tre åra fått utbetalt til saman 2 554 300 kroner frå kommunen. Verdibrevutbetalingane fordeler seg slik:

2018: Utbetalt kr 918 400 (32 stk)

2019:  Utbetalt kr 947 100 (33 stk)

2020: Utbetalt kr. 688 800 (24 stk)

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Powered by Labrador CMS