Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset. FOTO: kjpargeter / Freepik.com

No blir det grønt nivå på skular og barnehagar i Sveio

Organisering av skuleklassar og barnehageavdelingar vil bli normalt i Sveio frå tysdag 1. juni.

Fredag føremiddag opplyser Sveio kommune at skulane og barnehagane i Sveio skal over på mildaste retningslinjer når det gjeld smitteverntiltak. Smitteverntiltak i skular og barnehagar har i samband med korona blitt inndelt i tre nivå etter trafikklysmodellen. Sveio har ei god stund retta seg etter det midterste, gule nivået. 
Framleis skal ingen sjuke møta på skulen eller i barnehagen, fysisk kontakt skal bli unngått (for barnehagar gjeld dette berre mellom tilsette), og det skal framleis vera fokus på god hygiene. Det betyr at kvardagen for dei yngste innbyggjarane kan bli tilnærma lik normalen. 

Grønt nivå i skular

  • Ingen sjuke skal møta på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Vanleg organisering av skuleklassar og skulekvardag

Grønt nivå i barnehagar

  • Ingen sjuke skal møta i barnehagen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming)
  • Vanleg organisering av avdelingar
  • Planlegg for normal barnehagekvardag
Det er kommuneleiinga i samråd med kommuneoverlegen som har avgjort at skulane og barnehagane skal gå over til grønt tiltaksnivå frå tysdag 1. juni, med bakgrunn i regjeringa si avgjerd om at kommunar med lite koronasmitte kan velja å setta skular og barnehagar på grønt nivå frå og med i morgon, 27. mai. 
I Sveio kommune og på Haugalandet er smittetrykket for tida lågt, men det er likevel nokon smittetilfelle, seinast blei to tilfelle bekrefta i Sveio 24. mai.
– Dette er ikkje personar med tilknyting til skule eller barnehagar. Kommuneleiinga har saman med kommuneoverlegen vurdert den samla situasjonen, og konkludert med at det vil vera forsvarleg å gå over til grønt nivå i nær framtid, skriv kommunen. For at eventuelle konsekvensar av dei to nemnde smittetilfella skal vera tilstrekkeleg kartlagd før overgang til grønt nivå, vil me likevel venta til tysdag 1. juni før grønt nivå blir innført (med atterhald om plutselege, store endringar i smittetal).
Tilsette og føresette vil få ytterlegare informasjon direkte.